Kveldssamlingane vert nytta til dansespel, kanskje med finalespel? Det vert familiedans og festivalpub, og få minutters gangavstand mellom arenaane. Det vert og lagt opp til ”tett-på-konsertar” der profilerte musikarar vert hovudattraksjon.
Vestlandskappleiken er ein landsdelskappleik for fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.
Føremålet til Vestlandskappleiken er å vera ein sosial og musikalsk møtestad for deltakarar, andre utøvarar innan folkemusikk og –dans, samt andre interesserte. Gjennom ei slik samling søkjer ein å styrka interessa for, kjennskapen til og kunnskapen om folkemusikken og -dansen i vestlandsregionen.
Det vert i år ein «ny vri» på vestlandskappleiken, der ein nok vil få oppleve meir toradarspel, enn kva ein vanlegvis er vane med. Det vert lagt opp til ein kombinasjon av den vanlege kappleiken og runddansdansklassar.
I tillegg til å tevla i dei vanlege klassane, vil ein og prøve å skape ei god oppleving for dei små, rekruttane, som kjem til Osterøy. Det jobbas difor med å skipa til musikkverkstad for born, og ein sjokoladekappleik.
Fjordslottet i Fotlandsvåg vert årets kappleikshotell!! Det vert sett opp bussar mellom hotellet og kappleiksarenaen. Det vert og mogleg å sove i klasserom, på kappleikscampen eller privat innkvartering for dei som ynskjer det.
Sjekk nettsida til kappleiken: www.vestlandskappleiken.no og følg oss på Facebook.
Musikkverkstad for born og unge
Stad: Osterøy Vidaregåande Skule, Lonevåg
Etter musikkverkstaden, vert det framføring av det deltakarane har lært, på opningskonserten på kappleiken!
Sjokoladekappleik
Sjokoladekappleik er borna sin kappleik:
Kan du synge, spele eller kanskje danse så kan du delta på sjokoladekappleik!
På Vestlandskappleiken er det sjokoladekappleik, og det er berre å møte opp. Det er gratis å delta på sjokoladekappleik!
LAURDAG, 6.oktober.
TID: Klokka 12.00
STAD: Osterøy Vidaregåande Skule
Sjokoladekappleik er eit uformelt arrangement der ungar som driv med dans, spel og kveding kan delta. I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade og diplom. Dette er ei god trening i å opptre, og målet er å få så mange unge som råd fram på scena. Det viktigste er å ha det moro!
Arrangørane vonar mange finn vegen til Lonevåg denne laurdagen. Det er moro for ungane når det er godt med publikum, så hjarteleg velkomne til Sjokoladekappleik både — deltakarar og publikum!