Til saman saman var det 12 stk. på sjølve domar kurset, men i løpet av helga var det vel kring 25 kvedarar innom både Lindemannseminaret, årsmøtet og kurset.

Rannveig Djønne var til stades for FolkOrg, og seier dette om domarkurset:

- Ingrid Gjertsen og Kari Lønnestad heldt gode innleiingar, og det vart ein bra og sakleg diskusjon. Noko av det mest nyttige var at me hadde praktisk dømming ut i frå video-opptak frå Landskappleikar. Då fekk deltakarane testa stress-situasjonen som ei dømming er og diskusjonen i dommarkollegiuma.

Elles var også Mari Skeie Ljones frå FolkOrg med på kurset som observatør. 

Jan Heier, Eli Storbekken, Halvor Håkanes gjekk denne helga ut av styret, og vart takka med blomar av organisasjonen. Jorunn Sterten Melhus gjekk også ut av styret, men var ikkje tilstades.

Veslemøy Fjerdingstad vart samstundes vald til leiar for eitt år, og vil sitje i styret for Norsk Kvedarforum saman med Jarnfrid Kjøk, Hege Nylund, Bjørn Sigurd Glorvigen og Øyunn Romtvei.  Varamedlemmer i styret er Tone Juve og Agnes Buen Garnås.

Det er i april i år som Norsk Kvedarforum skal feire sjølve jubileet. Dei vender då tilbake til Bø i Telemark, der det heile starta. Dette jubileumsseminaret er særleg sikta inn mot eit familiepublikum.

- Med eit mangfald av dialektar og språk blir det duka for seminar, gregoriansk songmesse og flerkulturell festkveld med samvær i song og leik, skriv dei om tilskipinga.

Her kan du lese meir om jubileumsseminaret i Bø. Nettsidene til Norsk Kvedarforum finn du på denne lenka.