Omlag 50 røysteføre delegatar og fleire inviterte gjester var samla på Fagernes denne helga, for å diskutere og avgjerda framtida til FolkOrg. 

Helga inneheldt mellom anna seminar om korleis ein skapar gode danseareaner, og ein diskusjon om rolla til områdelaga i organisasjonen. Vidare var heile årsmøtet på vitjing til Valdres Folkemuseum, og der dei fekk omvisning på utstillinga «Folkemusikk og nasjonalisme». 

Laurdag vart prisen for Årets lokallag delt ut.Vinnar i år vart Klæbu Toradar- og danselag, for sitt arbeid med å skape gode dansearenaer. Seinare på kvelden fekk årsmøtet sjå ein liten smakebit  på den flotte aktiviteten i arrangørlaget Vårflaumen spel og dansarlag, samt ivrige og dyktige elevar frå kulturskulane i Valdres i både dans og spel. 

Sjølve årsmøtet gjekk føre seg både laurdag og sundag og her er nokre av sakene som stod på agendaen. 

Foto: Eivind Kaasin
Spelemann Kjellbjørn Karsrud frå Vårflaumen spel og dansarlag opna årsmøtet. Foto: Eivind Kaasin

Ny plan med særskilde satsingar

Den tidlegare handlingsplanen for FolkOrg var på ni sider, og styret og administrasjonen meinte denne planen vart for omfattande og detaljert. Styret kom difor med framlegg om ny plan. Denne planen var på to sider, og vart samrøystes vedteke. 

Planen inneheld verdigrunnlaget og visjonen frå den tidlegare planen. Det som er nytt er målå, korleis ein skal nå måla og særskilde satsingar for dei neste to åra. Dei særskilde satsingsområda er arbeidet med rekruttering, folkedans, formidling og informasjon.  

> Her kan du sjå kva FolkOrg skal arbeide med dei neste åra!

Foto: Eivind Kaasin
Eva Kjelstad og Harald Røstad tok i mot prisen for Årets Lokallag 2014. Foto: Eivind Kaasin

Landsmøte annakvart år

Styret la også fram eit framlegg om å endre frekvens på årsmøtet i organisasjonen frå kvart år til annakvart år. Årsmøtet gjekk for styret sitt framlegg, og med dette går ein frå årsmøte kvart år til landsmøte annakvart år. Den nye frekvensen vil gjelde frå og med 2015. Det vil då bli landsmøte i 2015, medan det påfølgande landsmøtet blir i 2017. 

I mellomåret, mellom landsmøta, ser ein for seg at ein til dømes kan arrangere ei kurshelg noko liknande som FolkOrg arrangerte i Bergen i 2012 (Helgen i Bergen). Der vil ein samle lag, utøvarar og arrangørar i alle aldrar til ei felles fagsamling med kurs, seminar, spel, song og dans.

Skal greie ut nye medlemskap

Sidan medlemspengane for dei neste åra vart bestemt på førre årsmøtet, kom ikkje styret med framlegg om endringar i medlemspengane i år. Men etter framlegg frå salen vedtok årsmøtet vedtok at styret i FolkOrg fram til neste årsmøte skal greie ut moglegheitene for å innføre familiemedlemskap, samtidig som ein skal sjå på moglegheitene for å få ei ordning der folkemusikksympatisørar kan vere støttemedlemmar.

Vart attvald

Noverande styreleiar Per Øyvind Tveiten stilte på ny til val som styreleiar i FolkOrg, og vart applaudert inn til eit nytt år som leiar. Ein audmjuk Tveiten takka for tilliten, og sa at det framleis var mykje ugjort, og at både styret og administrasjonen gleda seg til å ta fatt på det vidare arbeidet.

Det nye styret i FolkOrg er slik:

Styreleiar: Per Øyvind Tveiten             
Nestleiar: Helene Myklemyr Bolstad    
Nestleiar: Mari Skeie Ljones        
Styremedlem: Jan Heier            
Styremedlem: Hilde Reitan                  
Styremedlem: Olav Luksengård Mjelva     
Styremedlem: Tove Leinslie            
1. vara: Gro Marie Svidal   
2. vara:  Gudrun Folkedal
3. vara: Thor Hauknes   



Fagutval for yrkesutøvarar er slik:

Nina Fjeldet 
Silje Onstad Hålien 
Vegar Vårdal

Tilsynsnemnda er slik:
Arne M. Sølvberg
Aud Søyland
Tor Stallvik

Valnemnda er slik:
Sigurd Johan Heide
Torunn Raftevold Rue
Aslak Brimi