Tekst: Kjellbjørn Karsrud. Foto: Kristoffer Kippernes
TRONDHEIM:
– Klas Bøle var ein stor spelemann i samtida si, og han hadde nok vore meir framme i dag om han hadde vore frå eit meir sentralt folkemusikkstrøk. Mellom anna spelte han for Ole Bull, som vart så begeistra at han ville ha med Klas til Amerika, men vi har ikkje funne dokumentasjon som tyder på at han vart med, fortel Aksdal.
Bøle voks opp i eit aktivt spelemannsmiljø på Kvikne, men seks år gamal flytte han med ein onkel til Fosen. Han må allereie på dette tidspunktet ha vore ein god spelemann.
– Mykje tyder på at han då hadde tileigna seg slåttar frå Kvikne, fortel Aksdal. Seinare oppsøkte han nok lokale spelemenn på Fosen, og han vart tidleg rådd til å reise til Trondheim for å ta musikkutdanning.
I 1823 skjedde det tragiske at onkelen drukna på fjorden ved Fosen. Men enka etter onkelen gifta seg igjen, og han vart tatt godt vare på i oppveksten. Ifølgje tradisjonen kom Klas inn på musikkskule i Trondheim på 1830-talet. Dette var på eit tidspunkt då fleire sentrale spelemenn søkte seg til Trondheim og brigademusikken, noko også Klas sannsynlegvis gjorde. Der lærte han seg notar, fiolinspel og å spele klarinett.
– Klas tok med seg klarinetten til Fosen og nytta han flittig. Han kom også attende med eit nytt repertoar, og sto slik sett med eitt bein i den nye og eitt i den gamle tradisjonen. Samtidige kjelder fortel at han hadde kraft i spelet, men samtidig ein vakker tone og god intonasjon. Han komponerte sjølv, og låttane vitnar om gode tekniske ferdigheiter, seier Aksdal.
'I 1845 flytte Klas og huslyden hans til Flatanger i Nord-Trøndelag. Der levde han resten av livet, men han heldt fram med å virke som spelemann i store delar av Trøndelag.
Det finst fleire dramatiske soger som omhandlar både Klas Bøle og felene hans. Blant anna vart den eine fela etter han offer for Rissa-raset i 1978. Fleire andre hendingar blir omtala i boka, som òg inneheld notetranskripsjonar med slåttar etter Klas.
Klas (Klaus) Henriksen Bøle vart født i 1815 på Kvikne, nord i Hedmark. Faren Henrik Klaussen, bestefaren Klaus Knutsen og oldefaren Knut Klaussen var alle spelemenn. I 1846 slo han seg ned i Flatanger, der han tok Bøle som etternamn. Førti år seinare gjekk han ut av tida.
Denne artikkelen står også på trykk i Bladet Folkemusikk, nr. 4 i 2011. Bladet Folkemusikk har FolkOrg som utgjevar, med Knut Aastad Bråten som redaktør. Du kan lese meir om magasinet på denne sida.