"Drømte Du Om Mer" og "Sommernattsdrøm" er av Valkyrien Allstars mest populære låtar, og vert kanskje å høyre i sumarnatta på Jaslangen.

Valkyrien Allstars, som består av Ola Hilmen, Tuva Syvertsen og Erik Sollid, har vorte karakterisert som eit særs vellukka crossoverprosjekt, der folkemusikken møter rock og lyrikk.  Gruppa har hausta åtgaum for dei to albuma "Valkyrien Allstars" og "To Måner", og skaffa seg ein brei fanskare.

Blåtonar på Jaslangen

Når sola er på veg ned, og sumarnatta er i blåtonar, entrar hardingfeletrioen utandørsscena. Solfallkonsert på Jaslangen har vorte ein tradisjon hjå festivalen, og er svært populær.

Jaslangen er av dei vakraste områda i Valdres, og folketonane høyrer til mellom stølane. Som tidlegare år er det tysdag (26. juli) kveld under ”Hilme-veka” Jørn Hilme-stemnet arrangerer solefallkonsert. 

Sumar med Jørn Hilme

- Me er særs nøgde med å starte vårens artistslepp no, seier fungerande dagleg leiar, Stian Roland. Han lovar fleire populære artistslepp utover våren.

Vakyrien Allstars hadde óg konsert på Jørn Hilme-Stemnet for to år sidan, då på Valdres Folkemuseum.

- Dette vert ein konsert med eit heilt spesielt uttrykk, som vil vera vel verdt å få med seg, fortel Roland. Jørn Hilme-stemnet vert i år arrangert frå 24. til 31. juli.