FolkOrg har i dag kring 5000 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 150 mangfaldige lokale spel – og dansarlag. Lokallaga er ryggraden i organisasjonen og syner ein enorm aktivitet gjennom mellom anna:
- Rekrutteringsarbeid og vidareføring av tradisjonane innan folkedans- og musikk.
- Arrangering av kappleikar, konsertar og andre arrangement.
- Formidling og synleggjering av norsk folkemusikk – og folkedans både på lokalt, regionalt, nasjonalt og til tider internasjonalt nivå.
FolkOrg ynskjer å løfta fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”. For 2012 vedtok styret i FolkOrg å vektleggje godt rekrutteringsarbeid innan folkemusikk – og folkedans. Til denne prisen er det no vald ut tre nominerte.
Kjærsti Gangsø, leiar i VSD. |
Vågå Spel – og dansarlag
- Vågå Spel- og dansarlag (VSD) er sikkert et heilt vanleg lag, med alle utfordringar, oppturar og nedturar dei fleste friviljuge lag har. Likevel meiner eg vi skil oss frå andre fordi vi over tid har vist oss å vere stabile, ha evne til å mobilisere og ta ansvar når folkemusikk/gammaldansmiljøet trenger oss, seier leiar i laget Kjærsti Gangsø.
VSD har eit flott samarbeid med andre i kommunen. Dei har mellom anna eit eige undervisningsopplegg for dans i 5. klasse på den lokale skulen. Dei arrangerer òg kurs for unge under Folkemusikktreffen kvart år, i 2013 skal det vere kurs i både fele, toradar og dans. I forkant av Landsfestivalen i Vågå hadde dei òg undervisning i dans for alle klasser frå 1-7 trinn, noko som resulterte i nær 100 ungar med glad dans i fargesterke t-skjorter under opninga av Landsfestivalen 2012.
Som lag feirar VSD 60 år i år. Kva er suksessnøkkelen til jamn rekruttering gjennom så mange år? - Vi er flinke til å bruke egne gode krefter, både innanfor spel og dans i konsertar og annan formidling. Vi er stolte av eigne utøvarar, men samarbeider gjerne utover eige lag og sjanger. Vi har òg gjennom åra vist kreativitet i forhold til spesielt musikalsk samarbeid med andre.
Og i tillegg til å stelle i stand med festivalar og kappleiker har dei mykje fast aktivitet som mellom anna eit aktivt juniorspelmannslag, ein fast gjeng unge dansarar som dei siste åra har delteke i c-klassa på kappleik og ein rekke andre øvingar med både spel og dans. Dei skal i år også ha uformelle dansekveldar. - Her prøver vi å lage arena for gammaldansgruppene og arena for dei som likar å danse. Som vanleg med blanding av generasjonar.
Kva er spesielt med VSD, Kjærsti? - Først og fremst stabilitet over tid!