På utøvarmøtet ønskjer vi også innspel og drøfting rundt utøvarane sine behov og ønskjer for den nye organisasjonen; både av aktivitetar og korleis utøvarane sin posisjon skal vere.

For arrangørane inviterer vi til ei drøfting om korleis dei ulike aktørane på feltet kan fordele oppgåver og roller, for å få til ei smidig organisering i arbeidet med formidling av musikk over heile landet.

Møta er lagt i samband med musikarmøtet som MFO, GramArt og Norsk Jazzforum arrangerer. Folkemusikarane er også invitert på dette møtet, og sjølvsagt alle medlemmer i MFO og GramArt.

 

MÅNDAG 11. JANUAR // UTØVARMØTE

Tid:                 kl. 10.00 – 13.30
Målgruppe:    yrkesutøvarar innan folkemusikk og folkedans
Stad:              Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen
                      
v/ Schous plass, inngang frå Herslebsgate. (Vis a vis butikken Store Sko)
                       Trikk 11, 12 og 13 stoppar på Schous plass.

Tema 1:
Finansiering av prosjekt og turnear. Vi ser m.a. nærare på dei nye tilskotsordningane for musikarar i Norsk Kulturråd. Representantar frå Norsk Kulturråd deltar i møtet.

Tema 2:
Yrkesutøvarane sine behov og ønskjer i den nye organisasjonen

Andre saker:
informasjon om og innspel til arbeidet i formidlingsverksemda i den nye organisasjonen; inkludert utlandssatsinga, Folkelarm og turnéverksemd i Noreg.

Det blir servert enkel lunsj.

 

MUSIKARMØTE 2010 – ein møtestad for profesjonelle musikarar

Tid:       14.00
Stad:     Nasjonal Jazzscene, Victoria, Karl Johansgate 35, Oslo
Arr:       MFO, GramArt, Norsk Jazzforum

  • Næringsdrivande, utøvande kunstnarar sine trygde- og skattevilkår
  • Turnéstøtte inn- og utland
  • Faste stillingar/ prosjektstillingar 

Komplett program finner du her: Program - Musikermøte

Seminaret blir avslutta med Bobby Peru klubbkveld kl. 19.00

Eiga påmelding til norsk@jazzforum.no , mfo@musikerorg.no eller gramart@gramart.no

FRIST 18. DESEMBER – litt fleksibelt her, men meld deg på raskt.



TYSDAG 12. JANUAR // ARRANGØRMØTE


Tid:                  kl. 10.00 – 13.00
Målgruppe:     lokale arrangørar, regionale kompetansesenter
Stad:               Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen
                       
v/ Schous plass, inngang frå Herslebsgate. (Vis a vis butikken Store Sko)
                        Trikk 11, 12 og 13 stoppar på Schous plass.

Tema 1:
Finansiering av konsertverksemda. Vi ser m.a. nærare på dei nye tilskotsordningane for arrangørar i Norsk Kulturråd. Representantar frå Norsk Kulturråd deltar i møtet.

Tema 2:
Aktørane på feltet; lokale arrangørar, regionale kompetansesenter, folkemusikk og folkedansorganisasjonen; kva roller skal vi ha?

Andre saker:
Informasjon om og innspel til arbeidet i formidlingsverksemda i den nye organisasjonen

Det blir servert enkel lunsj.

Frist for påmelding til seminara er måndag 4. januar kl 11.00.

post@folkemusikk.no

Reisestøtte

Utøvarar som har reiseutgifter på over kr 500,- kan søkje om reisestøtte frå Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen. For å få reisestøtte må du delta på både utøvarmøte på formiddagen og musikarmøte på ettermiddagen måndag 11. januar (gjeld òg dansarar). Arrangørar får i utgongspunktet ikkje reisestøtte, men dei som ikkje har eigen økonomi knytt til drift, kan søkje og vil bli vurdert.

Send påmelding og søknad om reisestøtte på e-post til post@folkemusikk.no med slik info:
namn, adresse, e-post, telefon, kven du representerer (personleg eller arrangør).

Frist for å søkje reisestøtte er måndag 4. januar kl 11.00.

post@folkemusikk.no