Trioen Utla må reknast som eit føregangsband når det gjeld improvisasjon kobla med tradisjonell norsk folkemusikk. Dei debuterte på CD i 1994 med ”Juv”, og har sidan gjeve ut ”Brodd” (1995), ”Dans” (1999) og ”Song” (2001) . Bak dei konsise titlane finn vi musikk som rørar seg mellom folkemusikk, jazz og verdsmusikk, der det og er mykje rom for eksperiment og improvisasjon.

Den tradisjonelle hardingfelemusikken frå vestlandet ligg i botn av Utla sitt unike uttrykk. Utla består av den doble Spellemannpris-vinnaren Håkon Høgemo (hardingfele), Terje Isungset (munnharpe, slagverk, perkusjon) og Karl Seglem (tenorsax, bukkehorn). Også internasjonalt har Utla hausta mykje ros.

Eit døme på dette er denne omtalen frå The Wire: "Instead of Garbarek-like wide open spaces, Utla create a dense, almost martial feel -dance music for medieval armies of fighting monks, perhaps”. Og dette frå RootWorld:"This trio is like little else in the Nordic musical scene. They generate their power by sheer will and human force, eschewing studio trickery for simple, raw energy".

”Fugl Fønix flyr!” var den poetiske tittelen Gabriel Fliflet i Columbi Egg hadde satt som overskrift for ein konsert i Bergen ifjor - og vidare stod det å lesa: "Året 1992 kom trioen Utla til verden med et brak. Lyden av braket varte ganske lenge, men nå har det vært stille noen år. Nå smeller de til igjen! Håkon Høgemo, Terje Isungset og Karl Seglem er alle blant Norges mest særpregede musikere. Utla er deres særpregede felleshus, hvor tradisjon møter improvisasjon og det meste kan skje.” GF.

Frå 19. til 23. september 2012 - kan du få oppleve Utla på følgjande plasser:
Tre brør på VOSS (19.sept) - Haavebua i FLORØ (20.sept) - Pikant i FØRDE (21. sept) - Gimle i BERGEN (22. sept) - Årdal kyrkje i ÅRDALSTANGEN (23. sept)