Unni Boksasp Ensemble mottok både Spellemannspris og Folkelarmpris for ”Keramello”. Plata vart ein bestselgar, og står kan hende som ein av dei viktige utgjevingane innan norsk arrangert folkemusikk i dette tiåret.
No kjem dei med ei splitter ny plate, som skal sleppast i februar 2013. Alt i dag kan du høyre to nye låter, ”Jul inni fjorda” og ”Vestlandsspellmann”. Songane skal også kunne lastast ned på m.a. Wimp, Spotify og MusicOnline. Begge er komponert og skreve av Unni Boksasp.
Unni Boksasp må reknas for å vere i eliteklassa innan norsk folkesong. Ho har utdanninga si frå Musikhögskolan i Stockholm, har vunne landskappleiken fleire gongar, og har spela på dei fleste av dei nordiske folkemusikkfestivalane. På nyåret er Unni Boksasp sentral i det nye kulturprogrammet til NRK, Folk:LAB, som opnar Kulturstripa 2013.
Musikarane i ensemblet er alle handplukka og meritterte på kvar sin kant. I tillegg til Boksasp sjølv finn vi Jorun Marie Kvernberg (fele/ hardingfele), Trygve Brøske (tangentinstrument), Olav Mjelva (fele/ hardingfele), Magne Vestrum (kontrabass) og Petter Berndalen (perkusjon).Utgjeve på plateselskapet UBE med produsent Jørund Fluge Samuelsen.
Du kan no sjå den nye musikkvideoen til låta "Vestlandsspellmann" på youtube: http://youtu.be/MUd0dj4Us34. Meir informasjon finn du også på www.boksasp.no og www.facebook.com/pages/Unni-Boksasp-Ensemble.