”Norsk folkemusikk” er ei unik samling med opptak frå radio- og fjernsynsarkivet i Norsk rikskringkasting og inneheld 19 CD-ar og ein DVD. Dei 19 CD-ane er ei nyutgjeving av serien ”Norsk folkemusikk” med opptak frå folkemusikkarkivet i NRKs radioarkiv. Serien vart gjeve ut på 78-plater, EP’ar og LP’ar i åra 1953 til 1974. - Under planlegginga av CD-serien kom ideen om å lage ein DVD i tillegg til all musikken. I fjernsynsarkivet i NRK låg det talrike opptak av folkemusikk. Etter grundig gjennomsøking i arkivet fann vi mange av utøvarane som hadde vore med på serien, seier produsent for utgjevinga, Gunn Sølvi Gausemel.
Gunn Gausemel - Foto Eivind Kaasin
PRIS: Gunn Sølvi Gausemel tok i mot prisen for opptak frå fjernsynsarkivet. Foto: Eivind Kaasin

DVD’en er den fyrste samlinga med norsk folkemusikk frå NRKs fjernsynsarkiv, og inneheld halvannan time med om lag halvparten av utøvarane som var med på originalserien «Norsk folkemusikk».

- Arkivklippa er henta frå 30 ulike program og seriar, over ein periode på 50 år. Opptaka er gjort i NRK-studio, ute på kappleikar og festivalar, eller i møte heime hos utøvarane. Det eldste opptaket er frå midten av 1950-talet. Opptaka er perler der ein kjem tett inn på utøvarar både i song, spel og dans.

Sjef for plateselskapet ta:lik, Frode Rolandsgard, er nøgd med at heile serien er i boks.

- Me har no samla alle utgjevingane i ein boks med eiga innfatning. Det vil verte høve til å kjøpe heile serien med den nye boksen under visninga filmen av laurdag.


LØRDAG 1. oktober – Visning av Opptak frå fjernsynsarkivet

Sted: Riksscenen, Intimscenen
Tid: 15.30