For Landskappleiken i Seljord er det viktig å la born få ei oppleving av det å vere på kappleik, og føle seg velkomne i miljøet. På "Unge opptrer" skal det vere morosamt å delta, og borna får trening i å opptre for publikum.
Konserten vil gå føre seg i Gamlesalen, Granvin Kulturhus, torsdag og fredag klokka 13.
- Fordi talet på innslag er avgrensa, er det lurt å vere tidleg ute med å melde seg på, seier arrangørane i Seljord. For påmelding eller spørsmål, kan ein ta kontakt med unge@lk2011.no.
Vi tek òg med at arrangørane oppfordrar alle lag, grupper og solospelemenn til å spele til dans under Landskappleiken i Seljord.
- Me håpar mange har lyst og moglegheit til dette. Ta i så fall kontakt med ansvarleg for den sosiale dansen på kvelden, Jorunn Manheim Torjussen på dans@lk2011.no.
I tillegg til tevlingane og sosial dans, blir det også eit fyldig kulturprogram under Landskappleiken. Her kan vi nemne både opningsforestilling, kvedarkonsert og intimkonsert med Kjetil Flatland og Knut Buen.
Heimesida til Landskappleiken i Seljord finn du her. Om du enno ikkje har meld deg på til Kappleiken i 2011, kan du framleis gå hit.