Førstkomande helg er den første av i alt fem samlingar gjennom vinteren der alle i prosjektet kjem saman for å jobbe. Då skal moglege idear testast ut. Å lage ei danseframsyning er eit krevjande men spanande arbeid, og prosjektleiar for Danseru’, Gro Marie Svidal er stolt over at regissør Leif Stinnerbom fatta interesse for ideen. Stinnerbom er kjent for magiske teateroppsettingar der folkemusikk og folkedans er sentrale element. Mest kjent i Noreg er han for folkeoperaen ”Tryllefløyta” som turnerte for fulle hus i både Noreg og Sverige 2005/2006.
- Folkedansen er ung på scena og denne danseframsyninga er på fleire måtar banebrytande i Noreg. Aldri har det blitt laga danseframsyninga der folkedans og særleg folkesong aleine vert dei leiande elementa. Oftare ser vi at folkedansen vert nytta saman med teater. Vi er stolte over å jobbe fram noko nytt og mellom oss i prosjektleiinga og ungdomane snakkar vi om å lage ein slags folkemusikal, fortel Svidal.
Prosjektet har solid forankring i Buskerud gjennom at deltakarane er rekrutterte frå fylket. I tillegg er Arne Moslåtten, kjent frå Hellbillies og Gunnlaug Lien Myhr, kjent frå Tirilltunga med som musikkansvarlege. Eldgrim Springgard arbeider med ei omarbeiing av manus til Hulda Garborg og Martin Myhr er med som danseansvarleg saman med Svidal.
- Det er ei gamal historie som Danseru’ no plukkar fram. Opphavleg var det eit syngespel som Hulda Garborg skreiv basert på ei gamal mellomalderballade. Balladen er kjent fleire stader i Norden og Garborg sette opp framsyninga med skodespelarar frå Det norske teater første gong i Oslo i 1919. Likefullt er det ei historie som er aktuell i vår tid og som har mange scenisk spanande element. Det dannar eit godt utgangspunkt for arbeidet, fortel Svidal.
- Ungdomane får profesjonelle rettleiarar i alle ledd, og for nokre kan dette bli eit springbrett inn i den profesjonelle verda som scenedansarar og musikarar. Ungdomane som har fått tilbod om å vere med, er alle på eit høgt nivå og dersom nokre av dei etter dette vel å satse profesjonelt på folkedans, har noko av intensjonen med folkedansprosjektet Danseru’ lukkast, avsluttar Svidal.
Danseframsyninga får premiere i april 2012 og skal visast på fleire profesjonelle scener i heile landet.