I 2009 mottok Johannesen kongepokal etter å ha vorte Noregsmeister i dans. Dei siste åra har han reist verda rundt med Alexander Rybak og med dansekompaniet Frikar.
I tillegg har han arbeidd med ei lang rekkje teaterprosjekt, m.a. for Rikskonsertane. Johannessen beherskar også fleire instrument, m.a. torader.
‐Me er glade for at Ulf‐Arne takka ja til stillinga, seier styreleiar Gunhild Gåsvik i Folkemusikkveka.
- Han har allsidig røynsle og er kreativ og energisk. Me har store forventningar til samarbeidet med han i tida framover. Folkemusikkveka har viktige oppgåver framfor seg, ikkje minst ynskjer me å styrkja posisjonen vår lokalt.
- Me skal også vidareutvikla den høge kunstnarlege kvaliteten på festivalen og vil gjerne tilby innbyggjarane i Hallingdal ein endå betre festival. Ulf‐Arne har dei rette kvalitetane til dette arbeidet, seier Gåsvik.
Folkemusikkveka samlar kvart år i slutten av mai folkemusikkutøvare og publikum frå inn- og utland til fleire dagar med konserter, tevlingar, kurs og festivitas i Ål. Arrangementet er Noregs eldste folkemusikkfestival, med oppstart i 1976.
Ulf-Arne Johannessen tek til i stillinga 1. august.