Adr.: |
Lysevegen 91 N-5620 Tørvikbygd |
Tlf1: | (+47) 975 49 941 |
E-post: | Send e-post |
Web: | Nettside |
Tveiten, Solbjørg
Solbjørg Tveiten har spesialisert seg i å synge vokalstoff frå Hardanger og Sogn, og ho har gått i lære hos nokre av dei beste folkesongarane vi har. Den viktigaste inspirasjonskjelda er Olav Steffen Eide. Ho har tatt fordjuping i folkemusikk på Viken Musikkfolkehøgskole og grunnfag i folkemusikk ved Høgskulen i Telemark. I 2000 – 2002 gjekk ho på Kvedarskulen ved Ole Bull Akademiet (Universitetet i Bergen), og ho byrja på Norges Musikkhøgskole etter det. Tveiten er kvalifisert for eliteklassa, Klasse A, på Landskappleiken. Ho har hatt utstrakt utøvande verksemd, både i Noreg og i utlandet. Ho er med i gruppa Tørvikbygd (etablert 2004), og ho har skrive, regissert og er aktør i stykket Trudelutten på skattejakt, saman med Gro Marie Svidal. Dette vart sett opp på Folkelarm 2006. Ho har halde julekonsertturnear saman med Synnøve S Bjørset og Sigbjørn Apeland, og har samarbeida med fylkesmusikarane i Hordaland. Som pedagog har ho engasjement ved mellom anna Ole Bull Akademiet, Norges Musikkhøgskole og Fana Folkehøgskole. Solbjørg Tveiten er aktiv i organisasjonslivet, og er styremedlem i Landslaget for Spelemenn (LfS) frå 2003 og styremedlem i Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg frå 2009. For tida tar ho mastergrad i tradisjonskunst ved Høgskulen i Telemark og er frilansutøvar.
Diskografi
Folkesongar i Hordaland (Det norske Samlaget, 1998) med Reidun Horvei
The water is wide (Magic Flute, 2005) med Cecilie Løken
Den store romjulsdraumen (Gloria, 2005) diverse artistar
Biografien er produsert av Norsk Folkemusikkformidling