Idéen bak TV-programmet er at dei seks musikarane plukkar ut folk frå sine heimplassar, og deretter konkurrerer om å få til det beste koret. Publikum stemmer på det koret dei likar best.

Tuva seier til folkemusikk.no at ho treng støtte frå folkemusikkmiljøet for å gå vidare i programmet. Ho har ikkje lov til å seia noko om innhaldet i programmet, men stadfestar likevel at det er sannsynleg at ein får høyre folkemusikk frå koret hennar. Ho vil ikkje seia noko om kva slags folkemusikk vi får høyre, men ho kan avsløre for folkemusikk.no sine lesarar at det ikkje blir materiale etter spelemannen Andris A. Dahle.

Du kan lesa meir om Det store korslaget på nettsidene til TV2, eller melde deg inn i Facebook-gruppa deira.