Tidlegare i år kom det inn framlegg på utnemning av heidersmedlem, som styret i FolkOrg har handsama. Styret er samstemte i at den føreslegne kandidaten på alle vis fyller vilkåra for utnemning til heidersmedlem.

I vedtektene til laget heiter det at ”Styret kan utnemne til heidersmedlem den som har arbeidd særleg godt og lenge for føremålet. Heidersmedlemer skal ha synleg prov på æra og gå fritt på alle arrangement som FolkOrg skipar til”

Trond Ole Haug fyller på ein framifrå måte dette kriteriet.

– Han har gjennom åra lagt ned innsats og arbeid i nær sagt alle ledd og i alle posisjonar som finst innanfor folkemusikken og folkedansarbeidet.  Det gjeld lokalt og sentralt, som utøvar og instruktør og  som organisator og leiar, fortel Per Øyvind Tveiten.

– Det er med stor glede vi då kan utnemna Trond Ole Haug frå Vågå til Heidersmedlem i FolkOrg.

Her er eit lite glimt frå den innsatsen Trond Ole Haug har lagt ned:

  • Redaktør i Spelemannsbladet i seks år (1988-94)
  • Leiar i Landslaget for Spelemenn i fire år (1998-2002)
  • Medlem i Rådet for folkemusikk og folkedans 1995-98
  • Leiar i områdelaget (Gudbrandsdalen folkemusikklag) 1984-86
  • Leiar i lokallaget (Våga spel-og dansarlag) i 12 år, styremedlem i 22år.
  • Drive instruksjon  og feleopplæring dei siste 35 åra.
  • Musikalsk leiar og instruktør i lokallaget (Vågå spel og dansarlag) dei siste 20 åra.
  • Har sidan 1980 drive aktivt mediearbeid gjennom presse og radio.
  • Medverka til fleire CD/LP utgjevingar innanfor folkemusikken.
  • A-klassespelemann frå 1986.
  • Domar på ei rad kappleikar, m.a. 3 landsfestivalar og no 4 landskappleikar.