Det er oppfølgaren til "Murru" (2007), som hausta svært gode kritikkar og har hatt eit
respektabelt salg i folkemusikksamanheng. Den nye innspelinga er prega av at Sturla og
hans medmusikarar leikar seg med det norske uttrykket og både tek vare på, og fører vidare tradisjonar. Det meste av stoffet er komponert av Sturla Eide, i tillegg til nokre tradisjonslåtar. Musikarane bidreg alle på arrangementsida med sine unike stemmer.
"Triller" er også eit resultat av at Sturla Eide var årets fylkeskunstnar i Sør-Trøndelag i
2009. Han arbeida mellom anna med å utvikle ein «verktøykasse» for folkemusikalsk improvisasjon. Sturla Eide har i innspelingstudioet henta ut det beste av sine medmusikarar og dei har klart å
skapa eit drivande, organisk og velklingande samspel. Denne kvartetten får garantert føtene til å trampa takten. Dei byr på stor musikk med varme og glimt i auga.
Med i bandet er:
Sturla Eide: Fele, hardingfele, bratsj
Øystein Sandbukt: Gitarer
Lasse Sörlin: Bosouki, viola d´amore
Ronny Kjøsen: Trøorgel, trekkspel, piano
Turnéplan:
1. februar - Dokkhuset, Trondheim
2. februar - Orkdal
3. februar - Surnadal Kulturhus
4. februar - Mir, OsloFOLK
6. februar - Salteriet, Råkvåk
19. februar-Thomasgården, Røros