- Seljord har gode og lange erfaringar med å stelle i stand store arrangement, både Seljordfestivalen, Countryfestivalen og Dyrskuen. Bygda er vant med dugnadsarbeid, noko vi nyt godt av no, seier Torunn Raftevold Rue, sekretær i komiteen. Det betyr ikkje at alle dugnadsfolka er på plass.

- Vi treng mykje hjelp, så det er berre å melde seg.

Det er i år 130 år sidan det fyrste gongen vart tevla i musikk. Den gongen var det Den Norske Turistforening som skipa til tevling i eldre folkemusikkinstrument. Mykje har endra seg sidan den gongen, ikkje minst programmet.

Kappleiken inneheld både opningskonsert, intimkonsert og fleire plateslepp. Det blir tevlingar frå onsdag til laurdag. Laurdag er det finale i klassene spel fele, hardingfele og dans hardingfele. Kongepokalen er sett opp til beste spelemann på hardingfele.

- Noko nytt?

- Vi tek opp att dei gode erfaringane frå landskappleiken på Voss og samlar dei eldste utøvarane i D-klassen i ein, stor klasse, noko som var svært populært.

Orden i økonomien er eit tema som opptek mange arrangørar. Rue seier seljordingane har kontroll på pengane.

- Vi er i innspurten på budsjettarbeidet, og reknar med at budsjettet blir godkjent av eigaren av kappleiken, FolkOrg – Organisasjon for folkemusikk og folkedans.

Kva er dei økonomiske utfordringane?

- Det er vanskeleg å kalkulere omsetninga. Alt er avhengig av kor vellukka salet av mat og drikke blir, noko som har vore avgjerande for overskottet til kappleikane dei siste åra.

Kva gler du deg mest til?

- Eg ser fram til å ta imot folk frå heile landet, og vise fram den flotte bygda vår.

Noko du gruar deg til?

- Eg kjem garantert til å miste nattesvevnen når det nærmar seg. Det får stå si prøve. Elles er det få sentrumsnære hotell i Seljord. Ta gjerne med telt, campingvogn eller bubil. Informasjon om overnatting finn du også på nettsidene våre.

- Du er utøvar sjølv. Stiller du i kappleiken?

- Eg får ikkje øvd noko særleg i forkant, men skitt au: Eg stiller, og oppmodar alle til å gjera det same.

Fakta:

  • Landskappleiken blir arrangert i Seljord i Telemark, 29. juni - 3. juli.
  • Arrangementsstader: Dyrskuplassen og Granvin Kulturhus.
  • Opplysningar om overnatting, program og anna: www.lk2011.no
  • Påmeldingsfrist: 1. mai.

Artikkelen står òg å lese i den nyaste utgåva av Bladet Folkemusikk. Du finn fleire relaterte artiklar om Landskappleiken i Seljord på toppen av sida, og kan lese meir om Bladet Folkemusikk her.  Om du enno ikkje har meldt deg på Landskappleiken, kan du gjere det ved å gå hit.