Tinn Spelemannslag feirar med både dans og kveding i skulane, kurs, utstilling, konsert og fest no til helga.

Fyrste gong tanken om eit spelemannslag i Tinn kom opp var i 1890, men av ulike grunner vart det ikkje noko av på det tidspunktet. Ei grunn var at Knut Dahle reiste til Amerika, fortel Gro Synnøve Brekka.

Men i 1912 ble laget stifta – med Johannes Dahle som ein av av stiftarane. Tinn spelemannslag har i alle desse åra spelt ei stor rolle for folkemusikken i Tinn, ikkje minst for det velkjente Tinndølspelet .

I protokollen frå stiftelsesmøtet finn me regler for laget. Her er dei tre fyrste:

1. ”Lagets fyremaal er aa samle og uppbevare vort gode, nasjonale Tinndølspel.”

2. ”Dette maa søkjast naaet ved innøving og samspell av Knut Dahles slåtter.”

3. ”Slaaternes namn, samt segnir og sogur som knyter seg til desse vert nedskrivne og uppbevara.”

Knut Dahle var den fyrste musikalske leiaren av laget, medan Olav H. Ulleren, Olav T. Bernås, Johannes Dahle og Brynjulf Odden sat i det fyrste styret.

I den opphavelege møteboka til Tinn Spelemannslag kan me lesa:

”Fyrste gong laget spela på 17. mai var i 1914. Det vart spela paa festpolassen ved skulestova. Desse laattane vart spela: 1. Haugeslaatten, 2. Jon Vestafe, 3. Luraasen,. 4. Selvlen og 5. Haakansen og Haavar Gibøens bruremarsj.”

Vidare står det: ”Spelet vart fagna paa det beste, noko som spelemennene og alle som ein var sers gald for avdi det synte seg at den ”isvegg” som fyr heve stade mellom ein del av folket og det nasjonale felespelet no heldigvis var nedbrote.”

Slik ser programmet på Atrå Samfunnshus ut denne laurdagen

  • Kl.17.00:  Opning av utstilling
  • Kl.19.00:  Festsamvær med konsert, bordsete og dansefest.
  • Sal av drikke og lodd.
  • Vaksne kr. 300,- Born under 16 år gratis

Medverkande under jublieet er m.a. Knut Myrann, Olav Ulleren, Halvor Håkanes, Agnes Buen Garnås, Anne Svånaug Haugan, Anders Røine, Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa, Torgeir Straand, Marit Vågen Lilleland, Aaste Kveseth, Torbjørn Rua Dokken og Sara Fjågesund. .

I tillegg medverker folkemusikkelevane i kulturskulen, samt  Tinndølan og Tinn Spelemannslag.

FolkOrg ynskjer hjarteleg til lukke med den store dagen. På denne sida frå Folkemusikkarkivet i Telemark finn du meir om hardingfelespelet i Telemark. Ein større Knut Dahle-biografi med bilete kan du sjå på denne lenka