I slutten av mars reiser trioen Tindra til Sri Lanka for å delta på Jaffna Music Festival. I gruppa finn vi Åshild Vetrhus frå Suldal i Rogaland (song), Jorun Marie R. Kvernberg frå Fræna i Romsdal (fele/hardingfele), og Irene Tillung frå Voss (akkordeon).
Tindra har halde konsertar i Europa og Asia, og har spelt saman sidan 2000. Den første CDen deira, som kom i 2006, vart nominert til Spellemann. I april gir Tindra ut sin tredje CD, "Moder Norge".
Musikken som forsonar
Jaffna Music Festival omtalas som ein unik festival. Etter 30 år med borgarkrig skal musikarar frå alle etnisitetar og frå alle delar av landet møtast, bo og spele saman. Frå 25 til 27.mars vil festivalen utforske og syne bredda og vitaliteten til den srilankiske folkemusikken og kulturen. I tillegg deltek musikarar frå Nepal, Palestina, India, Sør-Afrika – og Tindra frå Noreg.
Utanlandssjef i Rikskonsertane, Tom Gravlie, ønskjer at festivalen skal vere eit bidrag til forsoningsprosessen i landet:
- Ein av dei viktigaste motivasjonane for denne festivalen er å bringe folk og musikarar frå heile landet saman gjennom musikken, og la det symbolisere fred, forsoning og framgang. Musikk- og kulturlivet på øya har lidd under fleire tiår med krig. For mange musikarar har det vore særs vanskeleg å få spele, føre vidare og ta vare på tradisjonsmusikken. Denne festivalen er ei markering av ein vilje til å inkludere alle og til å fremje tradisjonsmusikk. Samstundes får musikarane høve til å bli kjende med internasjonale musikkformer, seier Gravlie.
- Norsk er inga hindring
Dei tre musikarane i Tindra håpar festivalen og opphaldet i landet gir dei sjansen til å få utveksle musikk med srilankiske artistar:
-Bonusen ein alltid håpar på når ein er ute og reiser, er å få lære noko om musikken i det landet ein er i, å få møte folkemusikarar i ei uformell setting. Det er møta med menneske og musikk som betyr noko på slike reiser, seier Kvernberg.
At Tindra syng på norsk, er inga hindring, meiner Kvernberg. Litt forklaring på førehand om kva songane handlar om, og litt dramatisering undervegs på scena gjer musikken og innhaldet forståeleg trass språklege og kulturelle barrierar.
Kvernberg er i følge pressemeldinga til Riskonsertane spent før avreise:
-Dette blir ei overrasking for begge partar! Vi kjem til ein ny festival og til eit publikum som ikkje har høyrt oss før. Vi har óg masse å lære om deira musikk og deira kultur.
Jaffna Music Festival er i regi av Rikskonsertane i samarbeid med dei srilankiske organisasjonane Sewalanka og Arusri Art Theatre. Prosjektet er finansiert av Utanriksdepartmentet gjennom den norske ambassaden i Colombo.
Du finn meir informasjon om Tindra på www.tindratrio.com, eller på www.myspace.com/tindratrio. Interesserte kan óg lese meir om Rikskonsertane sitt musikk-samarbeid på Sri Lanka her.