Det er eit belgisk kulturhusnettverk som sender dei to trioane ut på turné. Kvernberg har tidlegare vore til Belgia på to turnéar gjennom konseptet "Norwegian Tapas", først med gruppa Majorstuen i 2007 deretter med Bruvoll-Halvorsen og solokonsertar. Tindra og Kroke vitjar Beveren 17. januar, Heist op den Berg 18. januar, Lokeren 19. januar og sluttar av i Leopoldsburg søndag 20. januar 2013.
Tindra til Belgia
Tindra og Kroke
Tindra er invitert til Belgia for å ta opp att suksess-samarbeidet med den polske trioen Kroke. Samarbeidet oppstod som eit initiativ frå Hilde Bjørkum i Førde Internasjonale Folkemusikkfestival i 2010, og Tindra og Kroke har sidan spelt fleire konsertar saman både i Polen og i Noreg. Den aller første konserten resulterte også i ein live-CD med gode særs gode kritikkar.
Denne artikkelen er over 11 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.