Songskattane til Tindra trekker publikum med inn i ei fantastisk verd der katten har vondt i rompebeinet, bukken blir stjelt, og mannfolka slit med å få has på damene. Dette er musikk der humor avløyser det svartaste alvor, og der strålande kjærleik vekslar med botnlaus ulukke. Dei går heller ikkje av vegen for å dra med seg livlege publikummarar på ein rungande allsong.
Tindra består av folkesongar Åshild Vetrhus frå Suldal, trekkspelar Irene Tillung frå Voss og felespelar Jorun Marie Kvernberg frå Fræna i Møre og Romsdal. Saman har dei i alt fire CD-utgjevingar bak seg, og no er dei ute for å spele frå albummet Moder Norge, som kom ut i april i fjor. Musikken er basert på gamalt tradisjonsstoff frå Rogaland som dei arrangerar og framfører på sin særeigne, karakteristiske måte. Denne utgjevinga har motteke strålande kritikkar i media, og havna mellom anna på Dagsavisen si Topp10-liste over dei beste verdensmusikk-platene i 2011, og det som einaste norske CD. Anmeldar Mode Steinkjer skriv mellom anna: "En utgivelse der kunsten, fornyelsen og tradisjonen forenes på perfekt vis" og konkluderar med at dette er "En fest av en plate!"
Debutplata Lukkeleg vaking frå 2006 vart nominert til Spellemannsprisen, og sidan har dei hatt ei mangslungen karriere. Dei har mellom anna hatt over 200 skulekonsertar for Rikskonsertane i Norge og India, spelt for tamilar og singhalesarar på Sri Lanka, hatt live-konsert i den vietnamesiske radio i Hanoi, vore på turné i Georgia og turnert med dei polske verdsstjernene innan klezmermusikk, trioen Kroke.
Dei skal ha konsertar på følgande plasser den kommande veka:
24. april Haugaland KunstVerk, Haugesund kl 19:30
26. april Energihotellet, Suldal kl 18:30
27. april Bjåen Fjellstove, Hovden kl 19:00
28. april Dønhaugkjedlaren, Uskedalen kl 21:00
Dei held dessutan kurs i hardingfele, kveding og trekkspel i Haugesund onsdag 25. april kl. 17.30 til 20.30.
Hardingfele- og songkurs blir på Kvalatun, Haugesund Ungdomslag og Mållag sitt lokale på adressa Kvalamarka 25, 5514 Haugesund. Pris kr. 300,- for kvedarkurset.
Trekkspelkurset blir på Kunstverket i Haugesund. Wergelandsgate 19, 5522 Haugesund. Pris kr. 400,- (Dersom fleire enn 10 deltakara; kr. 300 pr. pers.)
>> Sjå meir informasjon om påmelding til kurset deira på kalenderen vår