Musikarane skal ha fire offisielle konsertar i Tbilisi, Telavi, Kuatisi og Batumi i tillegg til konsert og workshop på Rudolf Steiner School Tbilisi. Dei presentere tradisjonell og nykomponert norsk folkemusikk og Meipariani sin samtidsmusikk inspirert av mellom anna georgisk folkemusikk. Musikarane i Tindra formidlar norsk folkemusikk gjennom kurs og konsertar, mellom anna for å inspirere og for å gje eit innblikk i ein annan musikktradisjon.

- Gjennom samarbeidet med dei georgiske musikarane i Russudan Meipariani Ensemble ynskjer me å syne publikum korleis musikken kan vere eit felles språk trass ulikt geografisk opphav, samt å vidareutvikle den norske tradisjonsmusikken i møte med den georgiske musikken og ein kunstmusikalsk samtidsmusikktradisjon (Tindra).

Russudan Meipariani og vokalist i Tindra Åshild Vetrhus har tidlegare hatt prosjekt saman der dei har jobba med Meipariani sine folkemusikkinspirerte komposisjonar, og turneen i Georgia med Tindra og Russudan Meipariani Ensemble er eit framhald av dette.

www.myspace.com/russudanmeipariani

www.myspace.com/tindratrio