Det er Norsk musikkråd som fordeler tilskota til dei landsomfattande musikkorganisasjonane. Tidlegare var Landslaget for Spelemenn inne på denne ordninga, medan Norsk folkemusikk- og danselag fekk tilskota sine direkte over statsbudsjettet.

Også nokre andre folkemusikkorganisasjonar har fått tilskot.
Norsk munnharpeforum og Norsk kvedarforum har båe fått 50 000 i tilskot, noko som er ei auke på 10 000 frå året før, medan Norsk langeleikforum er nye på lista med kr. 20 000 i tilskot.