I år som i fjor har Førdefestivalen eit opplegg der unge, spelelystne utøvarar kan søkje om å få vere ein del av festivaltilbodet.

Dei som har lyst til å delta i konkurransen om å stå på Ung Energi-scena under festivalen, må sende informasjon og lydspor til festivalen, som dekkar reise og opphald til Førde.

Utvalet av Ung Energi-utøvarar 2011 skjer etter søknad, som skal innehalde:

  • Kort biografi om- og kontaktinformasjon til gruppa.
  • To lydspor.
  • Bilete dersom de har.

Dei som vert valt ut til Ung Energi-scena får:

  • Artistpass til Førdefestivalen. Det gir tilgang til alle arrangment så lenge det er ledig plass.
  • Enkel overnatting (sovesal) på Sunnfjord Folkehøgskule.
  • Måltid under festivalen.
  • Reisestøtte.

Søknaden sendast innan 1.mai til Arngunn Timenes Bell på . produsent@fordefestival.no

På Ung Energi-scena i 2010 stod

  • Skrekk og Guro: Guro Kvifte Nesheim, Knut Kvifte Nesheim og  Åsmund Løvland Solberg.
  • Opplett: Maria Toppe, Ingeborg Holekim Bringslid og Silja Solvang
  • Simra: Silje Midtbø Vevle og Una Anine O’Keeffe

Førdefestivalen 2011 vert arrangert frå 7. til 10. juli. Heimesida til Førdefestivalen finn alle interesserte på denne adressa.