Innspelinga er lagt opp som ei gudsteneste med messeledd og musikkinnslag der det naturleg høyrer heime. På prekenplass finn me ein instrumental, og undervegs blir det spelt melodiar frå folkemusikkreportoaret. 
 
- Utgjevinga viser tonen, og spennet i det vàre og det storslagne i folkemusikken. Bukkehorn og lur, trekkspel, fele og kyrkjeorgel er balsam for sjela når det blir sett i lag, heiter det. 
 
Kantor Audun Flaen og komponist Jo Asgeir Lie har heile tida vore sentrale personar i arbeidet med prosjektet "Folkemusikk og gudsteneste – tradisjonar og nyskaping".  Dei har teke med seg eit velfungerande lag av musikarar til denne innspelinga. 
 
- Dei aller fleste av musikarane har tilknytning til Ål, noko som viser kor rikt musikkmiljøet er i bygda. Musikarlista er lang, og med svært ulike instrument viser me kor breidt spekter ein kan spela på i folkemusikkgudstenestene. Ekte livsutfalding, og musikalsk variasjon er noko kyrkjelyden veit og setja pris på, seier utgjevarane.
 
På den ferske utgjevinga finn me Audun Flaen på kyrkjeorgel og piano, medan Margit Myhr er med på song, lyre og langeleik. Andre musikarar på "Til Himmels - med gangar og pols" er Audun Moen (song), Per Oddvar Johansen (perkusjon), Olav Luksengård Mjelva (fele og hardingfele),  Eilif Gundersen (seljefløyte, lur og bukkehorn) og Ingunn Stræte Lie (trekkspel). Ragnhild Jepsen er liturg. 
 
Vidare medverkar også Kvarts, der me finn Jo Asgeir Lie (trekkspel), Øystein O. Rudi (fele, hardingfele), Tom Willy Rustad (bass) og Erlend Styve (akustisk gitar). I koret finn me Synne M. Fredriksen, Ragnhild Jepsen, Unn Perstølen, Heidi Langegard, Håkon Tveito, Terje Nordal, Bjarne Oleivsgard og Kristian Jepsen. 
 
"Til Himmels - med gangar og pols" er innspelt hjå Hallibakken Lydproduksjon, Nesbyen med Ingunn Stræte Lie og Audun Flaen som produsentar. Albumet er utgjeven på Kvarts CD-produksjon, og er i salg frå 15. desember.  
 
Offisiell lansering med minikonsert blir i Oslo i januar. 

Heimesidene til Kvarts finn du her. På denne sida finn du ei oversikt over dei tidlegare CD-produksjonane deira. Om du har WiMP, kan du høyre på albumet på denne lenka.