Denne SongBok/Notebok/CD-produksjonen er eit viktig kulturhistorisk bidrag til ein del av den norske vokale folkemusikktradisjonen.
Her kan ein lesa, lytte og lære om ein tradisjon skapt for ei tid då bryllaup vara i tre dagar til ende. Olav Steffen Eide har samla 50 kjøkemeisterviser som alle er teke med her, med både tekst og notar.
40 av visene er også sunge inn, med Steffen Eide på vokal, gitar, hardingfele og trekkspel. Her er både kjende og ukjende melodiar. Sigvat Eide gjestar óg på hardingfele. Og sjølv om delar av dei tradisjonelle seremoniane og rollene har endra seg, kan boka godt lesast med moderne briller.
- Vi trur boka og utvalde songar i ho, kan fungere godt òg i moderne samanheng, framført av ein kyndig kjøkemeister. Boka kan vera både ei bruksbok og ei inspirasjonskjelde til å dikte sjølv, og nyttast til å kaste glans over bryllaupsfestar og andre gilde lag.
I nokre av visene er det ein underfundig humor. Nokre gonger kan ein alderdommeleg tekst, skriven for ei anna tid, nennsamt framført med gravalvor og fynd, fungere festleg i ein moderne setting.
I dag er det toastmaster og seremonimeister som har teke over ein del av kjøkemeisterens tradisjonelle rolle. Repertoaret som er samla her, syner nettopp kjøkemeisterens allsidige og omfattande oppgåve, som til dømes tittelen ”Vers til å leie brua til sengs” tyder på. Nokre av visene er ikkje direkte knytte til det seremonielle, men er meint som rein underhaldning.
- Legg òg merke til Eide sin karakteristiske syngjestil – den litt høgtidlege framføringa og den i hovudsak bokstavtru ”danske” uttala, heiter det.
Etnisk Musikklubb takkar Agnes Buen Garnås som tok initiativ til prosjektet, samt Ingrid Gjertsen og Steffen Eide for solide skriftlege, faglege bidrag.
- Vi har vald å nytte Eide sine eigne kommentarar til songane då dei gjev god og nyttig informasjon. Eides fine hardingmål gjev dessutan ekstra karakter til opplevinga av visene.
De som vil kjøpe albumet, som både er ei songbok, notebok og ein dobbelt-CD, kan finne den på nettbutikk. Det er Musikkoperatørene som distribuerer utgjevinga. Meir informasjon finn du på www.etniskmusikklubb.no.