Det er to Frifond-ordningar som kan vere aktuelle for våre lokallag:

Frifond organisasjon

Frifond Organisasjon har som formål å bidra til auka aktivitet i lokallaga i dei store nasjonale organisasjonane.
Frifond er ei ordning der:
  • Tilskot kan givast til lag som generell grunnstønad til oppstart, drift og aktivitet.
  • Tilskot kan givast til lag øyremerka for prosjekt eller bestemte aktivitetar.
  • Tilskot kan givast til laga etter interne søknadsprosedyrer i organisasjonen.
  • Tilskot kan givast til laga etter fordelingsnøklar basert på talet på medlemmer i laget.
  • Krins-, fylkes- eller regionleddet kan ikkje motta tilskot frå Frifond. Unntak frå dette er organisasjonar der fylkeslaget fungerer som lokallag.
Frifond forvaltast via FolkOrg som paraplyorganisasjon for medlemslaga våre. Dette er dei sentrale krava for å søke:
  1. Dei lokale laga og gruppene må vere demokratisk oppbygde
  2. Dei lokale laga og gruppene må ha eit allmennyttig siktemål
  3. Dei lokale laga og gruppene må ha kulturaktivitet som ein del av si verksemd
  4. Dei lokale laga og gruppene skal arbeide i lokalmiljøet
  5. Dei lokale laga og gruppene skal arbeide for og med barn og unge under 26 år
  6. Berre lag som har minst 1/3 (33 %) av medlemmene under 26 år, kan få tilskot.
Fylkeslag/områdelag kan berre søkje om dei fungerer som eit lokallag.
Send søknad til FolkOrg via søknadsskjema som du finner nederst på denne siden, og søknadsfrist i 2012 er: 1. november 2012.
Om du har fått stønad frå Frifond Organisasjon kan du ikkje søkje Frifond musikk.

Men om ikkje laget ditt har minst 1/3 av medlemmene under 26 år, men har planar om å ha eit kurs, arrangement, konsert eller liknande for born og unge under 26 år, så fortvil ikkje, da kan kursdeltakarane/arrangør-gruppa søkje:
 

 

Frifond musikk

Det gjer du via Norsk musikkråd; sjå link her: http://www.frifond.no/musikk/retningslinjer
 
Dei har ingen søknadsfrist, du kan søkje gjennom heile året.
 
Ver obs på at FolkOrgs medlemslag ikkje kan stå som arrangør.