Telemarkfestivalen feirar sin 20de festival i 2009 med nytt, kjent og kjært – frå store utekonsertar til intime spelemannsmøte på Bø Museum.
Lokale, norske og internasjonale folkemusikkartister vil også i år fylle Bø med smektande folkemusikk. Ein stor opningsgalla leia av Knut Buen vil sparke det heile i gang – følgt av Folkemusikkasylet, der forfattaren sjølv - Jon Fosse les frå Andvake, medan venen og spelemannen Knut Hamre vil sette tonar til Fosses store drama frå den lille romanen.
Festivalen held fram med solokonsertar på Bø Muesum, der publikum vil få høyre Gunnlaug Lien Myhr og Marit Vågen Lilleland kvede, og Ottar Kåsa vil spele konsert.
Bestillingsverket Runartomma av og med Øyonn Groven Myhren er eit av dei nyskapande innslaga festivalen legg opp til.
På utescena vil publikum få møte Vamp, Eliza Carthy med band, Frikar and the Snuff Grinders og Valkyrien Allstars (som kjem med ny plate til våren). I Gullbring vil publikum få møte Knut Buen, Knut Hamre, Trygve K. Vågen, Anne Hytta, Torgeir Straand, Marit Vågen Lilleland og Per Anders Buen Garnås heidre spelemannen Håvard Gibøen – høve er at det er 200 år sidan den store spelemannen blei fødd.
Barnekonsert, Barnival og gratis utekonsert er gode tilbud til heile familien også i jubileumsåret. Diom de Kossa, Agnes Buen Garnås og Cirkus Sibylla er nokre av dei publikum vil oppleve der.
For dei som vil danse ut i dei heite nattetimane vil DJ 99 syte for å halde rytmen intakt. Tradisjonen tro vil heile festivalen avsluttast med Borgjakonserten – i år med Annbjørg Lien.
Artistane som kjem ser du her:
Vamp - Eliza Carthy m/band (England) - Frikar and the Snuff Grinders - Valkyrien Allstars - Runartromma – bestillingsverk av Øyonn Groven Myhren med SISU - Valravn (Danmark) – Julie Fowlis m/ band (Skotland) – Skáidi – Annbjørg Lien – Knut Buen - Barnekonserten Ahoko Dance med Diom de Kossa/ Kofi Komurdzie (Elfenbenskysten/Ghana) – Folkemusikkasylet med Jon Fosse/Knut Hamre - Opningsgalla festkonsert med over 20 artistar – Barnival festivaldag for heile familien på Kvennøya – Valravn (Danmark) midnattskonsert på Kvennøya – Marit Vågen Lilleland/Gunnlaug Lien Myhr kvedarmøte– Jubileumskonserten ”Håvards draum” – Ingvill Marit Buen Garnås - Internasjonalt folkemusikkmøte på Bø Museum – Ottar Kåsa – Stein Versto – Anne Hytta –Stein Versto - Per Anders Buen Garnås – Trygve K. Vågen – Torgeir Straand – Fugl med Agnes Buen Garnås/Ruth Wilhelmine Meyer – Sirkusskule med Cirkus Sibylla – Kurs i telespringar og telegangar – Buskspel – UngFolk – Spelemannslaget Bøheringen – Bø Dansarring – Bø Juniorspelemannslag – Dj 99