Adr.: |
Markane N-6783 Stryn |
Tlf1: | (+47) 57 87 79 83 |
Tlf2: | (+47) 412 87 261 |
E-post: | Send e-post |
Web: | Nettside |
Syversbråten, Egil
Solo hardingfele utøvar som har gått i tradisjonslære hos fleire kjende spelemenn. Dei seinare åra har han arbeidd med fordjuping i tradisjon gjennom lydopptak (voksrull/band) av ikkje nolevande kjelder. Han er tildelt fleire prisar, m.a. Øyvind Berghs minnepris (´93) og Norsk Folkemusikkfond sin pris (´97). I tillegg kan han vise til fleire topplasseringer i kappleik samanheng. Han har hatt solokonsertar på alle dei store folkemusikkfestivalane i Noreg samt i Sverige og Finland. I tillegg til solokonsertar gjer han også konsertar i samarbeid med andre utøvarar, både tradisjonsutøvarar i folkemusikk og utøvarar innan andre genrar. Han har m.a. samarbeidd med Knut Reiersrud, Drammen Byorkester, Erik Wøllo og Dag Kolsrud.
Diskografi
"Hallingtonar", solo hardingfele i samarbeid med kvedaren Gunnlaug Lien Myhr (EGCD1)