Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Slåttar

Synnøve S. Bjørset

SLÅTTAR_Synnøve_Bjørset_foto_talik

Norges frekkaste hardingfeledame slår til med ny plate fullspekka med kompromisslause hardingfeleslåttar blotta for jåleri. "Slåttar" byr på rykande fersk gamal musikk og er ei smakfull samling av ukjende slåttar og nye tolkingar av gamle slagerar frå Sunnfjord, Sogn og Valdres.

Rein kraft, suggererande takt – slåttar hogd ut i stein.

Hits som Fanitullen, Tomasklokkene og Storren er sjølvsagt med. Heile 6 ulike felestille er i bruk, og gjev plata stor variasjonen i klangar og stemningar. Spennet er stort; frå dei villaste danseslåttar til dei sartaste lydarslåttar.

Synnøve S. Bjørset frå Jølster gav ut si første soloplate i 2001, og har sidan medverka på ei rekkje plateutgjevingar. Til dagleg arbeider ho som frilansmusikar, produsent og komponist, og ho kan vise til utstrakt turnéverksemd i inn- og utland både som solist og i grupper som Majorstuen, marylands og Dei beste damene. Ho har motteke ei rekkje prisar og stipend for musikken sin, og for tida har ho 2-årig arbeidsstipend frå Statens kunstnarstipend.

Plata er innspelt i Ålhus kyrkje, Jølster, med Bjarte Johansen frå bLyd som teknikar og produsent. Utgjevinga er støtta av Norsk kulturfond, Fond for utøvende kunstnere, MFOs vederlagsfond, Rådet for folkemusikk og folkedans og Indre Sunnfjord Spelemannslag.

Plateomtala er henta frå www.talik.no
 


| Tips en venn | Skriv ut |
Språk Norsk - NorwegianSpråk English - Engelsk