Gruppa lagar musikk i skjæringspunktet mellom folkemusikk og jazz, utøvarame i gruppa har bakgrunn frå fleire sjangrar. I gruppa finn du Aslak O. Brimi (fele), Svein Tore Werstad (saksofon), Torbjørn Netland, (gitar), Eirik Mathias Husum (bass) og Eirik Hoff Walmsness (trommer)

- Albumet er eit resultat av fleire års djupdykk i gammal og ny slåttemusikk. Mange slåttar har vore under lupa; dei har blitt vridd og vrengt; og resultatet er ein mikstur av tradisjon og nyskaping. Det vart eit underfundig og svermerisk møte mellom folkemusikk, jazz og litt rock, skriv dei sjølv i programheftet. 

 

Print
Omslaget til utgjevinga Tonekratt. Plata er gjeve ut på Ta:lik.

Det har gått fire år sidan førre album med denne leikande gjengen. I mellomtida har dei mellom anna vore med på viseprosjektet Fjellblomen, samt hatt tre ulike speleprosjekt i Namibia og Malawi. Det nye albumet har låtmateriale frå Ottadalen, Trøndelag og Sogn, samt nokre svenske og nokre sjølvlaga innslag. Viktige slåttekjelder er Hans W. Brimi, Hilmar Alexandersen og Amund Bjørgen.

- Vi har latt oss inspirere av ulike spelemenn og artistar rundt om, og resultatet vart ein liten labyrint av tonar og rytme - eit tonekratt, fortel gruppa. 

Dei neste vekene kan du høyre gruppa her:

12/3: Øyna, Inderøy
13/3: Riksscenen, Oslo
21/3: Chagall, Bergen
22/3: Sælen Kirke, Fyllingsdalen
23/3: Tre Brør, Voss