Sver-gutane er stolte av å få representera moderlandet og lovar ein energisk konsert med blandt anna smakebitar frå det nye albumet som kjem til våren. Konserten vert send på NRK P2 i folkemusikktimen 1.november kl.18.03, og kan også høyrast på meir enn 15 andre europeiske radiostasjonar.

Sver-gutane jobbar for tida hardt med materiale til ein nytt album! Dei har med seg Knut Reiersrud på laget som produsent og Jan Erik Kongshaug som lydteknikar i Rainbow studio.

Kvintetten ”SVER” er sett saman av Olav Luksengård Mjelva (fele, bratsj og hardingfele), Anders Hall (fele, bratsj og hardingfele), Leif Ingvar Ranøien (toradar), Vidar Berge (gitar, mandola og munnspel) og Jens Linell (perkusjon). Olav og Leif Ingvar har spelt saman sidan 2002. Vidar blei med i 2007 og dei gav same året ut plata ”SVER”. Svenskane Anders og Jens blei med som fullverdige medlemmer våren 2008. Ordet "sver", er et utrykk frå Røros som blir brukt om noe stort og flott, eller staut og heftig, og dette er noko SVER vil formidle gjennom musikken. Gruppa har tradisjonsbasisen frå folkemusikken i Røros-området, men hentar også viktige impulsar frå Hallingdal og Hardanger. I tillegg spelar gruppa mykje eigenkomponert materiale.