Konsertar:

TBA / TBA   - 16. juni, Oslo
Haukeliseter - 17. juni  (for ungdom)
Haukeliseterfestivalen - 18. og 19. juni
Rauland kunstforening - 20. juni


Per Gudmundson

Per Gudmundson er mellom Sveriges mest profilerte folkemusikarar, og aller mest er han kjent for sitt tradisjonelle og fargerike Rättvik-spel på fele. Han er født i Falun, men har tradisjonen sin frå Rättvik i Dalarna. Per har utvikla ein spelestil som er både kraftfull og lyrisk. Han er med i ulike konstellasjonar av folkemusikarar, ikkje minst trioen Frifot, som har eksistert sidan 1987 og lenge har vore mellom dei aller fremste innafor den svenske folkemusikken. Lena Willemark og Ale Møller er dei to andre medlemmene i Frifot. Trioen har turnert mykje i utlandet, Europa, USA, Asia og Latin-Amerika. Per var i si tid med på å blåse liv i den svenske sekkepipetradisjonen. I tillegg til å vera spelemann er han tilsett ved Folkmusikens Hus i Rättvik. Per Gudmundson har vore med på ei rad med plateinnspelingar, deriblant fem med Frifot, ein med Bjørn Ståbi og ei eiga soloplate. 


Ola Bäckström

Folkemusikaren Ola Bäckström har influert ein heil generasjon med musikarar med sitt spel med grupper som Den Fule, Hedningarna, Triptyk, Swåp og Boot. Han er fyrst og fremst felespelar, men trakterer også viola d'amore, bouzouki og gitar. Han spelar tradisjonsmusikk frå heimbygda Ore i Dalarna, men har òg laga eigne slåttar. Desse finn me blant anna på plater med Swåp, ei gruppe som Ola var med å danne i 1995.  Ola var innom 70-tals gruppa Den Fule og deltok på plata Skalv (1994). Han har òg gjeve ut ei eiga soloplate. Ola Bäckström og Per Gudmundson er godt samspelte, blant anna deltok dei båe på ei plate med songaren Agneta Stolpe.