Det er eit retorisk grep å meine at debattmotstandarane må setje seg inn i saka før dei grip pennen, jamfør innlegget til Hilde Bjørkum på Folkemusikk.no, som er eit svar på leiaren min i siste nummer av Folkemusikk.
 
I leiaren spør eg om knutepunktordninga bidreg til å styrke kompetansen til dei andre festivalane i særleg grad, og konkluderer med at eit fellesseminar for alle folkemusikkfestivalane ein gong i året nok ikkje gjer det.
 
I staden for å svare på dette, snakkar Bjørkum om forventningane til knutepunktoppdraget. Ho skriv om at festivalen skal vera «kunstnarleg leiande, ha publikumsretta tiltak gjennom året, ha nasjonal og internasjonal orientering og synlegheit, vere utstillingsvindauge for norske artistar mot utlandet, vere nyskapande og utviklingsorientert, drive aktiv publikumsutvikling og drive aktivt samarbeid med andre kulturinstitusjonar.»
 
Spørsmålet er altså om knutepunktoppdraget er med å auke kompetansen hjå dei andre festivalane. Dette er det delte meiningar om i Folkemusikk-Noreg, noko eg reknar med at Bjørkum har registert.
 
Førdefestivalen skal vera bjøllekyr for alle folkemusikkfestivalane. At Bjørkum og Førdefestivalen går fremst i flokken er det ingen tvil om – dei er størst og dei får mest. Om Bjørkum og Førdefestivalen lokkar dei andre festivalane med seg, er eg meir usikker på.


Knut Aastad Bråten
Redaktør i bladet Folkemusikk