Ingvill Marit Buen Garnås har i fleire fora gått ut og vore kritisk til døminga av vokal folkemusikk på årets NM i folkemusikk. Landslaget for Spelemenn (LfS) meinar at dette er ein for viktig debatt til at han skal spore av gjennom direkte angrep på utøvarar eller dommarar.

Det er ingen tvil om kva slags songstil LfS ynskjer å fremja på kappleik. Me siterer frå rettleiinga i domarskjemaet: ”Tradisjon er fridom og variasjon – men innanfor ei ramme. Folkesongen har visse musikalske stiltrekk som gjer at han får denne merkelappen i staden for t.d. opera eller jazz. Dommarane bør honorere utøvarar som tek dei gamle stiltrekka på alvor.”

Ingvill Marit Buen Garnås viser heilt korrekt til dei rubrikkane som står på dommarskjemaet. for 1) teknisk dugleik, 2) stilkjensle, 3) musikalsk tolking og 4) formidling. Systemet er slik at det er teknisk dugleik og stilkjensle innanfor tradisjonell vokal folkemusikk som skal premierast. Har ein stilkjensle frå ein annan sjanger, skal ein ikkje kunne oppnå poeng innfor vårt system.

Den vokale folkemusikken i Noreg har eit stort spenn når det gjeld uttrykk og stiltrekk. Me har eit system kor dommarane på Landskappleik/NM blir plukka ut av styret i LfS slik at dommarpanelet skal verta breitt samansett. Det er vanleg å bytte ut minst to dommarar frå år til år, dette for å sikre kontinuitet og variasjon. Kappleiksystemet er avhengig av tillit frå miljøet for å kunna fungere.

Dommarane på årets NM var alle svært røynde og styret har stor tillit til at dei har gjennomført oppgåva si på ein framifrå måte. Dommarane står samla ansvarleg for resultatet, og det er vanleg kutyme at dommarane ikkje uttalar seg om rangeringa av utøvarane eller deira interne diskusjonar i etterkant. Utøvarane kan gjerne få attendemelding på deira eigne prestasjonar.

Det vil alltid, og bør nok alltid, vera debatt om kriterium for dømming på kappleik. Dette har mellom anna samanheng med elementet av subjektivitet kring dømming av kunstnarlege uttrykk. LfS vil gjerne ha debatt om kva slags kriterium ein skal nytte, korleis dommarskjemaet skal sjå ut og om systemet sikrar at sjangeren vert styrka både i høve til mangfald og stilistiske særtrekk innan tradisjonar. For alle som vil følgje debatten, viser me til gjeldande dommarskjema m/retningsliner som har vore brukt uendra sidan først på 90-talet; Dommarskjema - vokal. Vokal folkemusikk har som omgrep vore nytta på Landskappleiken sidan byrjinga av 1980-talet. 

Det er vanskeleg å komme vidare i debatten om ein fokuserar på personar. Å debattere er viktig og nyttig, men premissane for debatten må vera på eit generelt grunnlag. 

Ingvill Marit Buen Garnås sine synspunkt og kommentarar til den endra klasseinndelinga på årets arrangement vil bli tatt med i ei grundig evaluering av heile prøvearrangementet.


Nils Øyvind Bergset
Leiar LfS

Solbjørg Tveiten
Nestleiar LfS