Vinnarane i den rykande ferske dansetevlinga var Egil Engebretsen og May-Lise Engebretsen frå Bygdedanslaget i Hamar. Eva Rusten og Håkon Sandum kom på andreplass medan Stig Nilssen og Elin Romenstad Bjørnsmoen kom på tredjeplass.

- Eg kan ikkje tru at dette er sant, sa ei glad og lukkeleg May-Lise Engrebretsen på veg ut av idrettshallen laurdag.

Ein skulle tru at Øyvind Sandum kunne trenge ei lengre gamaldanspause etter krafttaket på Oppdal. Men nei, då. Etter to kviledagar vekke frå gamaldansen er Sandum klar for meir.

- Sundag og måndag var eg rimeleg mett – ja! Men no gler eg meg til neste års arrangement i Vågå.

Meir informasjon om Landsfestivalen i Vågå 2011 finn du på Facebook!

Øyvind Sandum sit i bilen då Folkemusikk.no ringjer han opp. Han har ikkje full oversikt over det økonomiske resultatet, seier han, men kan iallfall fortelje at arrangørane har seld fleire gjennomgangsbillettar enn kva ein hadde budsjettert med.

- Om du skal trekke fram noko frå årets festival?

- Alt glei godt. Det var aldri problem med korkje dansespelet, matserveringa eller tevling. Eg håpar det er resultat av god planlegging. Festivalgjengarane er ofte kresne og ventar seg det beste. Eg er viss på at vi innfridde.

- Noko de ville gjort annleis?

- Fleire småting var det nok, men dette er av meir kosmetisk art.

- Frå det eine til det andre. Etter ei helg med mykje gamaldans slår det meg at mykje av musikken er lik, at musikken har mykje å gå på.

- Det stemmer. Mykje av musikken er standardisert. Eg håpar dette vil utvikle seg meir i tida framover.

- Open klasse på Landsfestivalen er eit fint tilskott til meir variasjon?

- Riktig. Men FolkOrg må vera meir tydelege på kva open klasse skal vera. I dag er det for stor prosentdel i denne klassen som er tradisjonell gamaldansmusikk. Det skal det ikkje vera. Open klasse er livsviktig for gamaldansmusikken, ein plass der vi kan utvikle og strekke musikken endå meir.

- Årets dansetevling var ny av året. Ein skikkeleg suksess?

- Jepp! Dette har vore eit hjartebarn for meg. Eg er veldig glad dette gjekk bra! Ei skikkeleg publikumstevling med mykje underhaldning. Dette er også ei klasse for outsiderane. Her er det plass til alle!

I klassa for gruppespell vann Avbrekk framfor Nordafjells på andreplass og Vågåmål på tredjeplass. Komplett festivalresultat finn du her!

Rasmus Kjorstad fekk Fureprisen og vann solospel i klassa for hardingfele/fele.

Landsfestivalen var eit fint arrangement – trass dei tragiske hendingane i Oslo og på Utøya som naturleg nok fekk konsekvensar for arrangementet på Oppdal. Sandum fortel at dei gjorde visse endringar på programmet.

- Vi flytte alt arrangementet frå matteltet og inn i hallen slik at vi dempa festen og i staden konsentrerte oss om musikken og samveret. Det fungerte bra. Meisterkvelden vart i staden ein vakker meisterkonsert. Eg fekk fleire tilbakemeldingar frå publikum på at dette var ein fin og verdig måte å gjera det på.

Andre store opplevingar frå Landsfestivalen var konsert fredag kveld med supergruppa Valkyrien Allstars. Laurdag var det duka for storkonsert med verdas største spelemannslag, leia av Asbjørn Stensrud. 

Oversikt over dommarane frå Landsfestivalen finn du her!