Adr.: |
|
Web: | Nettside |
Sudan Dudan
Marit Karlberg og Anders Røine (tidl Mattisgard/ Røine) har på kort tid slått igjennom som ei av dei mest interessante gruppene innan norsk folkemusikk i dag. Med skillingsviser, skjemteballadar, slåttestev og bånsullar lagar dei særeigne, ofte improviserte, arrangement for song og strengeinstrument. Marit Karlberg akkompagnerer sin eigen song med langeleikspel, medan Anders Erik Røine trakterar gitar, fele, munnharpe, banjo og mandolin i tillegg til song. Estetikken på debutplata Sudan Dudan (2006) og måten melodiane er arrangert på, gir assosiasjonar til geografiske stader som Appalachene i USA, Valdres og Afrika. Dei er inspirera av amerikansk old time music, og tittelen på plata peiker delvis til det afrikanske landet Sudan. Karlberg og Røine hadde showcasekonsert på Folkelarm 2006 og var nominert i to klassar, blant anna årets nykommar, under Folkelarmprisutdelinga same år. Dei var oppvarmingsband for Odd Nordstoga under hans lanseringsturne for plata Heim te mor. Gruppa mottek Norsk kulturråds ensemblestøtte.
Diskografi
Sudan Dudan (Ta:lik, 2006)
Priser
Nominert til to Folkelarmpriser for plata Sudan Dudan (2006)
Presse/Kringkasting
Portrettert på Folkemusikktimen NRK P2 (2005 og 2006)
Biografien er produsert av Norsk folkemusikkformidling