Duoen som består av Marit Karlberg (song, langeleik) og Anders E. Røine (song, gitar, munnharpe) dreg ut på tur med den nye plata si "Inntil i Dag" i kofferten. Plata har fått svært gode meldingar i pressa, og folk i Bergen, Voss, Utne, Kristiansand, Øystese, Rauland, Bø, Ål og Oslo kan glede seg til å høyre kva dei og produsent Odd Nordstoga har klart å utrette saman i Propeller studio – live. 

Materialet til Sudan Dudan slåttespel og gamle viser frå Valdres, og duoen skildrar det som ”møtet mellom Jotunheimen, Sahara og Appalachene, med originale arrangement av norske folketonar, tydeleg inspirert av amerikansk old time musikk og vestafrikansk ørkenblues. ”

Duoen platedebuterte i 2006 med plata ”Sudan Dudan”,  i 2010 kom oppfølgaren ”Kari og Ola”, og den tredje utgjevinga ”Inntil i Dag” kom ut i haust.  Etter ei mengd konsertar på norske scener og festivalar, samt turnéar i inn- og utland sidan starten i 2003, har Sudan Dudan fått eit større publikum, noko som i 2012 gav seg utslag i at dei spelte på større arrangement som Øyafestivalen og Vinjerock. No er duoen igjen på turné, og her finn du reiseruta: 


Turnéliste:

30. oktober - Bergen, Chagall. 
31.oktober - Voss, Ringheim Kafé. 
1.november - Utne, Hardanger Folkemuseum, loftet. 
2.november - Kristiansand, Sørveiv
3.november - Øystese, Kabuso. 
13.november – Rauland, Årestoga 
14.november – Bø, Fjoset
15.november - Ål, Kafe Fryd
16.november – Oslo, Kulturhuset