Innkommen sak: Endring av vedtekter for FolkOrg
1. BAKGRUNN 2. VEDTEKTSENDRINGAR I FOLKORG
FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans vart stifta 21. november 2009 som ei samanslutning av Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk- og Danselag. Vedtektene vart etablert på stiftingsmøtet 21. november 2009. På det første årsmøtet den 22. november 2009 var det debatt om innhaldet i vedtektene.
På det første ordinære årsmøtet i november 2010 vart følgjande tema diskutert og det vart gjort vedtak: namn, føremålsparagrafen, om faglag (tidlegare særlag), tal på utsendingar til årsmøtet, tid for årsmøtet, styret sin stemmerett på årsmøtet, tilsynsnemnd, retningslinjer for valkomiteen, kassakreditt, dei tilsette sin representasjon og heidersmedlemskap.
Vidare debatt og endringar på årsmøtet i april 2011 kor tema var styrets storleik, yrkesutøvaranes representasjon og mogleg medlemskap frå institusjonar i FolkOrg.
3. STYRETS VURDERING AV FORSLAGET
Årsmøtet har diskutert vedtekter på kvart møte dei tre siste åra. Sidan dette er sendt inn som eit fullstendig forslag til nye vedtekter, ser styret det som naturleg å behandle dette som eit samla forslag. Dersom det samla forslaget frå Schjølberg fell, men det er enkeltelement som årsmøtet vil handsame vidare, bør årsmøtet gi det nye styret i oppdrag å utarbeide konkrete forslag til neste årsmøte som er i tilpassa dei eksisterande vedtektene.
Med nokre få unntak, er alle tema som Schjølberg tek opp handsama på dei siste årsmøta. Der Schjølberg har alternative forslag til eksisterande vedtekter, har desse i hovudsak ikkje oppnådd tilstrekkeleg fleirtal på dei siste årsmøta. Styret vil knytte nokre kommentarar til dei einskilde forslaga.
3.1 Namn
Schjølberg foreslår tre ulike namn. Det eine av dei, Norsk folkemusikklag, er i bruk av ein annan organisasjon.
Etter at ulike forslag var på bordet, valde årsmøtet namnet FolkOrg med underteksten: ”Organisasjon for folkemusikk og folkedans” Styret har respektert årsmøtets val, og har ikkje jobba vidare med nye namneforslag. Namnet er no innarbeidd, og det vil være ressurskrevjande, både internt og eksternt, å byte namn no.
3.2 Føremål
Forslaget til Schjølberg seier at organisasjonen skal jobbe for dei norske tradisjonane.
Styret ønskjer å halde på dagens formulering av føremålsparagrafen til organisasjonen som seier at vi
skal arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg fordi:
- Vedtektene har lagt vekt på å skilje ut eit generelt føremål som skal gjelde all aktivitet i organisasjonen, samtidig som prinsipp- og arbeidsprogrammet definerer dei konkrete oppgåvene som sentralleddet skal ha. I prinsipp- og arbeidsprogrammet går det klart fram at det er musikk frå Noreg som er hovudoppgåva til organisasjonen.
- Styret ønskjer ikkje å utelate nokon som føler seg heime under vår paraply, og vi vil at miljøet står fram som ope, raust og inkluderande.
- Organisasjonen har strekt ut ei hand til eksisterande faglag som vi håpar vil finne det interessant å melde seg inn på sikt. I til dømes Norsk Munnharpeforum og Norsk kvedarforum har dei aktivitetar/medlemmer som går utover det som kan seiast å vere norsk folkemusikk / folkemusikkutøvarar. Det er viktig at organisasjonen ikkje har eit for snevert føremål som hindrar at aktuelle faglag melder seg inn.
Organisasjonen, og dei to tidlegare organisasjonane, har i fleire av sine aktivitetar gått ut over det å jobbe for norsk folkemusikk og folkedans. Dette gjeld til dømes Folkelarm som bransjetreff, Folkelarmprisen og enkelte konsertar i regi av Folkemusikkscena.
Det er årsmøtet som til ei kvar tid definerer kva organisasjonen skal jobbe med. Vedtektene bør derfor gje årsmøtet ein viss fridom. Styret meiner at dagens føremål er ei reell utviding av føremålet samanlikna med dei to tidlegare organisasjonane og at dette er til gunst for feltet og vil gjere oss sterkare på sikt. Miljøet står sterkare om vi jobbar saman med dei som har same interesser som oss.
3.3 Yrkesutøvarar
Forslaget frå Schjølberg inneber at yrkesutøvarane si spesielle stilling vert stroken frå vedtektene.
Bakgrunnen for den spesielle stillinga yrkesutøvarane har i vedtektene er det historiske bakteppet for samanslutninga av Norsk Folkemusikk- og Danselag og Landslaget for Spelemenn. For å sikre at arbeidet med yrkesutøvarane blir vidareført når ein stor organisasjon slutta seg saman med ein talmessig mindre organisasjon, fekk gruppa av yrkesutøvarar ei særskilt stilling i vedtektene.
Utøvarane utgjer ein liten, men viktig del av medlemsmassen til FolkOrg.
Det er etablert eit register over yrkesutøvarane. Det er etablert eit fagutval for yrkesutøvarar som vert valt av årsmøtet i FolkOrg. Fagutvalet skal gje råd til styret og administrasjonen i FolkOrg i spørsmål som vedkjem yrkesutøvarane sine interesser. Det er etablert ein valprosess for å velje utsendingar til årsmøtet i FolkOrg blant dei registrerte yrkesutøvarane.
Gruppa av yrkesutøvarar blir representert på årsmøtet i FolkOrg i samsvar med medlemstalet i gruppa på lik line med lokallag og faglag. Gruppa av yrkesutøvarar skal vere representert med to personar i styret. Av desse skal minst ein sitje i arbeidsutvalet.
Det er styret i FolkOrg som tek avgjerder om det som gjeld yrkesutøvarar og at styret har det økonomiske ansvaret i organisasjonen. Det involverer årsmøtet i FolkOrg på ein naturleg måte gjennom val til fagutvalet.
Alt som gjeld yrkesutøvarane er stroke i Schjølberg sitt forslag. Styret oppfattar dette som eit klart brot med føresetnadene som låg bak samanslutninga i 2009 og kan ikkje på nokon måte stø dette.
3.4 Faglag og institusjonar
Schjølberg skriv at medlemmer kan organisere seg i interessergrupper, men at desse ikkje er representert på årsmøtet. Han vil og gje organisasjonar og institusjonar ein utsending på årsmøtet kvar.
Det finst gode argument for at institusjonar som til dømes arrangørar og festivalar kan vere medlemmer i organisasjonen fordi dei har mykje kompetanse og dei er viktige aktørar når det kjem til kva for status musikken og dansen har og i korleis musikken og dansen utviklar seg.
Årsmøtet har tidlegare meint at det er ei prinsipiell endring dersom institusjonar skal kunne vere medlemmer i organisasjonen. Med institusjonar meiner vi, klubbar, foreiningar, stiftingar og eventuelt AS.
Organisasjonen er i dag basert på personlege medlemmer, men mange av dei eksisterande faglaga har institusjonar som juridiske medlemmer.
I eksisterande vedtekter er det lagt til rette for at det kan dannast faglag med institusjonar som medlemmer som så kan melde seg inn i FolkOrg. Dermed kan grupper av institusjonar starte eit faglag som vidare kan melde seg inn i FolkOrg. Faglaga kan ha medlemmer som ikkje er medlemmer i FolkOrg. Dette vil vere forskjellig frå lokal- og områdelaga, men faglaga får ikkje utsendingar til årsmøtet for fleire enn dei som er medlemmer i FolkOrg.
Styret meiner at dagens modell med faglag er ryddig. Styret meiner at Schjølberg sitt forslag om å gje organisasjonar og institusjonar ein utsending kvar på årsmøtet er ei svært dramatisk endring av grunnlaget for organisasjonen. Institusjonar vil raskt kunne mønstre eit fleirtal av årsmøteutsendingane, og dermed vil lokallaga, som styret meiner er grunnlaget i organisasjonen, komme i mindretal.
3.5 Styrestørrelse og samansetning av arbeidsutvalet
Forslaget frå Schjølberg inneber at styret går ned frå 7 til 5 personar, at yrkesutøvarane ikkje skal ha ein spesiell stilling i styret og at det ikkje er presisert at dei tilsette kan ha ein representant til stades på møta i styret.
Styret ønskjer å halde på dagens ordning med eit styre på 7 personar med følgjande grunngjeving:
- Vi er eit stort miljø som ønskjer å stå samla. Det er difor viktig at fleire felt og interesser er representert i styret. - Vi er enno i etableringsfasen med den nye organisasjonen
- Stor organisasjon med omfattande og mangfaldig arbeidsfelt
- Viktig å sikre breidde i styret både på ulike utøvarformer, kjønn og geografi, samt sikre kontinuitet i styret sitt arbeid og deira faglege, kulturpolitiske og økonomiske
kompetanse.
- Har hatt gode og fruktbare diskusjonar i det store styret fram til no
- Eit arbeidsutval med 3 politisk valde medlemmer har meir politisk innverknad på administrasjonen sin prioritering
- Ikkje store kostnadsskilnader
Styret har tidlegare gjort ei utrekning av skilnaden på det å ha eit styre på 5 eller 7 personar. Berekningane synte at ein kan spara inntil 40 000,- med å gå frå eit styre på 7 til eit styre på 5.
Det er noko varierande praksis i ulike organisasjonar, men hovudregelen i frivillige organisasjonar er at tilsette ikkje har rett til plass i styret. I LfS og NFD var det vanleg at fleire frå administrasjonen kunne vere med på styremøta. Men med dagens størrelse på administrasjonen er det ikkje naturleg at alle tilsette kan følgje styremøta.
Vedtektene i FolkOrg seier no at ein representant for dei tilsette ut over dagleg leiar har rett til å delta på styremøta. Dette er ein god måte for dei tilsette å kunne følgje arbeidet i styret, i tillegg til at dei sjølvsagt får tilsendt alle styrepapir.
3.6 Tal på utsendingar frå lag
Schjølberg vil gå tilbake til den gamle skalaen for utsendingar til årsmøtet.
Årsmøtet utvida i 2010 skalaen for talet på utsendingar til årsmøtet for å stimulere til større lokallag og faglag. Dette skulle også stimulere til at flest mogleg av faglaga sine medlemmer vil stå som medlemmer av hovudorganisasjonen.
3.7 Lån på vegne av organisasjonen
Schjølberg har ikkje med paragrafen i dagens vedtekter som seier at styret kan ta opp lån på vegne av
organisasjonen.
Bankane aksepterer ikkje at frivillige organisasjonar kan ta opp lån, slik som kassakreditt, utan at det er heimla i vedtektene eller årsmøtevedtak. Årsmøtet vedtok å gje styret moglegheit til dette.
Utbetaling av driftstilskot frå det offentlege skjer to gonger i året, og andre særskilte tilskot blir gjerne utbetalt i etterkant av prosjekta. På grunn av likviditeten i organisasjonen, er det difor i periodar av året nødvendig å kunne ha ein kassakreditt for å få utbetalt løn og betale andre rekningar.
3.8 Livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig
Styret synes dette er ei nyttig presisering, men Schjølberg har stroke dette frå sitt forslag.
3.9 Eksklusjonsparagraf
Schjølberg har ikkje med paragrafen som seier at styret kan stryke medlemmer frå organisasjonen.
Styret håpar at det aldri vil vere behov for å nytte ein slik eksklusjonsparagraf. Men styret ser at det kan oppstå situasjonar kor personar eller krefter som reelt ikkje arbeidar i tråd med føremålet for organisasjonen melder seg inn og lagar problem. Då er det lettare å ha ein slik paragraf framfor å måtte innføra den. Dette må også sjåast i samanheng med presiseringa at organisasjonen er livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig.
3.10 Fullmakter til årsmøtet
Schjølberg har stroke formuleringa om at det ikkje er lov å stilla med fullmakter på årsmøtet. Dette kom inn i vedtektene av di det var eit reelt spørsmål på årsmøtet i LfS i 2008. Styret synes dette er i nyttig og klargjerande presisering.
3.11 Invitasjon av andre organisasjonar eller institusjonar
Vi har i dag presisert i vedtektene at styret kan invitere andre organisasjonar eller institusjonar på årsmøtet. Dette er stroke i Schjølberg sitt forslag. Styret meiner at dette ikkje ville hindre at andre kan inviterast, men synest likevel det er best at dette er presisert i vedtektene.
3.12 Jobbar primært i lokallag
Styret meiner at det er openbert at det meste, og i mange samanhengar viktigaste, arbeidet i organisasjonen skjer lokalt. Schjølberg presiserer at arbeidet primært skjer i lokallag. Det er uklart for styret kva dette tyder og om det inneber ei avgrensing av det arbeidet som skjer hos sentralleddet.
Styret ser ikkje behovet for slike presiseringar i vedtektene som i hovudsak gjeld sentralleddet.
3.13 Vedtektsfeste medlemskap i Norsk musikkråd
Schjølberg vil vedtektsfeste medlemskap i Norsk musikkråd. Styret ser det som naturleg og ønskeleg å være medlemmer i Norsk musikkråd, men ser ikkje poenget i at dette må stå i vedtektene. I alle andre tilfelle er det styret som avgjer å melde organisasjonen inn i andre organisasjonar, slik som Norske festivalar eller ein arbeidsgjevarorganisasjon. Det er vanskeleg å sjå kvifor Norsk musikkråd har ei så spesiell stilling at medlemskap må vedtektsfestast.
Framlegg til vedtak: Årsmøtet stør ikkje framlegg til nye vedtekter frå Ivar Schjølberg.
Framlegget til Ivar Schjølberg kan du lese her. Du kan studere dei eksisterande vedtektene til FolkOrg på denne lenka. Folkemusikk.no tek som alltid gjerne i mot både kommentarar og større innlegg.