Festivalen startar 23. mai med opningskonsert med Olav Luksengård Mjelva, Margit Myhr og Anders Hall. Utover i veka går det slag i slag med små og store konsertar. Tysdag 25.mai får me ei mønstring av dei yngste folkemusikararne og –dansarane i dalen, og onsdag 26.mai blir det storslagen folkemusikkgudsteneste med folkemusikkliturgien som Ål kyrkje har utvikla, denne gongen også med folkedans!

Den årlege kyrkjekonserten torsdag kveld har i år tingingsverket ”Vinden blæs dit den vil” komponert av Carl Petter Opsahl og Jo Asgeir Lie. Desse skal også framføre verket saman med Tor Egil Kreken og Martin Langlie.
Etter konserten kan du høyre Tove Bøygard sine tankevekkande viser i tillegg til Stand Up-kveding.

Intro-folk-vinnar Kim Andre Rysstad kjem saman med Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken for å halde konsert, Gro Marie Svidal held solokonsert, Rannveig Djønne og Rikke van Ommeren held durspelkonsert, og det blir ein stor trekkspelkonsert på fredagkvelden der trekkspelet vert heidra av spelemenn som Jon Faukstad, Anders Larsson, Knut Ivar Bøe, Jo Asgeir Lie og Fiin Gammel Aargang.

På fredagskvelden kan ein også få med seg konserten Visepsykiatrisk Fjellbygdpoesi med Stein Torleif Bjella med band!

Folkemusikkveka vil i år heidre to storspelemenn, nemleg Kristian Øvrevollseie og Lars Fykerud. Det blir to konsertar der deira virke og musikk vert fremja, med henholdsvis hardingfelespelarane Olav Luksengård Mjelva og Øyvind Brabant som musikarar på Øvrevollseiekonserten, og Knut Buen, Hauk Buen og Per Anders Buen Garnås på Fykerudkonserten.

Laurdag blir det Fanitulltevling, bydamønstring og sjølvsagt den store festkonserten om kvelden. Her vil det vere mogleg å få høyre fleire av dei artistane som har opptredd på festivalen, mellom andre Kim Andre Rysstad og durspeltrioen Rannveig Djønne, Rikke van Ommeren og Ingunn Stræte Lie. Hoveddelen av konserten vil vere ”Come home” med Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch.
Seinare på kvelden blir det Grand Prix på storskjerm på hotellet parallelt med at Norgesmeistrane Haugerud, Fingardsen og Evje spelar til dans så dansefoten får lea seg dugeleg.

Festivalen avrundar med FRIKAR si nye framsyning ”Mjølk”, med musikarar, dansarar, mjølkespann og takke…

Sjølvsagt blir det utescene i sentrum, dugurdsdans og rikelege høve til å danse både springar og gammaldans! Vel møtt til koselege dagar på Ål!