Med Parno Graszt (Ungarn), The Kamkars (Iran), Kroke (Polen), Bassekou Kouyaté (Mali), Aurelio Martinez (Honduras), Boban Markovic (Serbia), Altan (Irland), Väsen (Sverige) og Annbjørg Lien & Bjørn Ole Rasch (Norge) har folkemusikkfestivalen i Førde sikra seg ei rekkje store internasjonale verdsmusikknamn til sommarens festival, 8.-11. juli 2010. Internasjonalt format er det også over finsk/norske Frigg, duoen Karl Seglem / Berit Opheim Versto, og Gjermund Larsen Trio som alle står på plakaten på den 21. Førdefestivalen.

To urpremièrar


Fredag 9. juli blir det urpremiere på festivalen sin eigen produksjon i høve Ole Bull-jubileet. Festivalen samarbeider med professor og Ole Bull-spesialist Harald Heresthal, og framsyninga tek utgangspunkt i Ole Bull som fridomsforkjempar, verdsmann og elskar av tradisjonsmusikk. Publikum vil får høyre Bull sitt virtuose og folkemusikkinspirerte stykke ”Polacca Guerreira” bli framført av Ragnhild Hemsing, med Dimitris Kostopolous ved klaveret,. Elles medverkar felemeisteren Per Anders Buen Garnås, velrenommerte Kroke frå Polen, Orquestra Chekara Flamenca frå Spania og Marokko og Cuba Libre med Sverre Indris Joner i spissen når publikum får vere med Ole Bull på hans reiser i Amerika, Europa og Afrika.

I berget det blå er eit nytt musikkteater for born som blir til i samarbeid med Gloppen Musikkfest. Det byggjer på det velkjende eventyret om kongsdøtrene i berget det blå og handlar om helten som klarer å fri prinsessene og seg sjølv ved hjelp av krafta i musikken. I rollene finn vi Ingrid Anne Yttri, Trygve Ramnefjell og folkemusikaren Gro Marie Svidal som også medverkar med nyskriven musikk. Manus og regi er ved Mette Brantzeg.

Tema: Fridom og undertrykking


I år set Førdefestivalen set fokus på musikarar som kjempar for menneskerettane sine, og kulturar sin kamp for å overleve. I følge Ole Reitov, programdirektør i Freemuse – The world forum of music and censorship, er Førdefestivalen først ute blant musikkfestivalar med å sette særskilt fokus på dette temaet. Ole Reitov er å finne blant foredragshaldarane på årets Førdekonferanse som vert arrangert i samband med festivalen.

Festivalens høge beskyttar, HM Dronning Sonja, vert til stades under festivalens opningskonsert 8. juli.

 

Her er heile artistlista for 2010:


Bassekou Koyaté & Ngoni ba (Mali), Boban i Marko Markovic Orkestar (Serbia), Altan (Irland), Kroke (Polen), The Kamkars (Iran/Kurdistan), Aurelio Martinez (Honduras), Väsen (Sverige), Parno Graszt (Ungarn), Annbjørg Lien & Bjørn Ole Rasch (Norge), Malouma (Mauritania), The Dhoad Gypsies from Rajasthan (India), Frigg (Finland/Norge), Cimarron (Colombia), Amal Murkus (Israel/Palestina), Gjermund Larsen Trio (Norge), Orquestra Chekara Flamenca (Spania/Marokko), Ragnhild Hemsing (Norge), Lars-Ánte Kuhmunen Band (Sverige/Sapmi), , Berit Opheim Versto & Karl Seglem (Norge), The Samurai (Frankrike/Irland/Belgia/Italia/Finland) Jyotsna Shourie's Dance Centre (India), London Uyghur Ensemble (Kina/Kirgisistan), Tindra (Norge), Daniel Sandén Warg (Norge), Per Anders Buen Garnås (Norge), Dimitris Kostopolous (Hellas/Norge), Gabriel Fliflet (Norge), Fiolministeriet (Danmark), Cuba Libre (Norge/Cuba), Djønno Folk (Norge), Unni Boksasp Ensemble (Norge), Småviltlaget (Norge), Ingrid Anne Yttri / Trygve Ramnefjell / Gro Marie Svidal (Norge), To Rette og Ein Rang (Norge), Voss Spelemannslag (Norge), Indre Sunnfjord Spelemannslag (Norge), DJ 99 (Norge), Célio de Carvalho (Brasil), Steinar Ofsdal (Norge), Talent 2010 (Norge/Brasil/Kapp Verde)


Les heile programmet på linken under: