Denne hausten runda folkemusikaren Olav P. Hjelvik 90 år, og vart i det høvet feira av gode vener og kolleger.
Hjelvik har vore musikalsk leiar for Romsdal Spelemannslag i meir enn tjuge år. Han tok initiativ til LP-utgjevinga "Dans under trollveggen" på Aksent i 1977, og var med på utgjevinga av notehefte-serien "Med dåm og drag i Romsdal spelemannslag". Han har òg vore leiar for toradergruppa Grendalaget.
Hjelvik vart utnemnd til heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn i Rauland i 2001. Same år fekk han Hans Majestet Kongens fortenestemedalje i gull for arbeidet han har lagt ned innan folkemusikken.
Frå midten av 1970-talet var han aktivt med i oppbygginga av musikk- og kulturskulen i Vestenes Kommune. Ved denne institusjonen har han undervist born og unge i felespel, både klassisk og folkemusikk. Han har òg vore timelærar ved Rauma musikk- og kulturskole i Åndalsnes.
Olav P. Hjelvik har vidare motteke både Vestnes og Rauma kommune sine kulturprisar. Han har sjølv delteke på mange kappleikar som solospelemann, og vart A-klassing på vanleg fele på Voss i 1976.
Biblioteksjef Margrete Monge er vel nøgd med den store gåva til Rauma Folkebibliotek , og fortel til Folkemusikk.no at samlinga alt er i hus.
- Nett no går to lokale musikare gjennom materialet. Hjelvik har vore ei markant kraft i musikklivet her, så dette er ei gledeleg og forpliktande gåve. Materialet må systematiserast, slik at det kan bli til glede for folk flest. Vi har eit rikt musikkliv her i Rauma, så vi reknar med at mange vil ta i bruk av samlinga.
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal held til ved Høgskulen i Volda, og samlar lydopptak av nolevande og tidlegare utøvarar av folkemusikk. Arkivet skaffar til veges noteoppskrifter, biletmateriale, munnleg og skriftleg tradisjon og faglitteratur om folkemusikken i Møre og Romsdal.
Olav P. Hjelvik er i dag busett på Helland i Vestnes kommune.