Publikum fylte konsertlokala, på mange av konsertane var det berre ståplassar att. Det var òg stor deltaking på kvedarkurset med Kirsten Bråten Berg, og god deltaking på kursa med felespelarane Nils Økland, Catriona Macdonald, Ottar Kåsa og Siri Dyvik.
I førekant av festivalen var det turné med Ottar Kåsa og Unni Boksasp i Telemark og Suldal. Dette blei eit vellukka møte mellom vinnarane av Landskappleiken 2011, og tilbakemeldingane gjekk på at dette ville folk høyre meir av. Earlybird Stringband gjesta Ryfylkemuseet Suldal i førekant av festivalen, og ettermælet seier at dette slo svært godt an hjå suldølene.
Studentar frå Ole Bull Akademiet og Raulandsakademiet stod for ein framifrå opningskonsert torsdag kveld. På fredagskonserten med Ottar Kåsa og Erlend Apneseth stilte bygdefolk frå Arabygdi og Rauland mannjamt opp. Dei blei òg imponerte over Erlend Apneseth sitt friske spel i lag med den regjerande hardingfelemeisteren frå Arabygdi.
Åshild Vetrhus sydde saman rogalandskvelden «Land of the Rygir». Her fekk me sjå og høyre artistar som Nils Økland, Geitungen, Earlybird Stringband, Siri Dyvik med familie, Åshild Vetrhus, mannskoret Gullgutane og forfattaren Inger Bråtveit, ein fantastisk konsert for artistar, arrangørar og publikumarar.
Gabriel Fliflet og Benedicte Maurseth fylte opp Nansensalen, og leverte ein annleis og vakker konsert med mykje sjølvlaga stoff.
Med Kjell Bitustøyl som kjentmann trossa Aasmund Nordstoga regnet og tok med seg ein tapper gjeng turgåarar over snøfenner og våte myrar inn mot fjellgarden Havradalen der ein kunne sjå over til Storegut sitt rike, Bordalen. Aasmund proklamerte dikt og song seg inn i hjarta til alle med utdrag av diktverket «Storegut» av A.O.Vinje.
Det var ekstra mange som hadde teke turen for å få med seg mor Kirsten Bråten Berg og dotter Sigrid Berg sin konsert, den fyrste i sitt slag. Stemninga var til å ta og føle på. Med unik klang på stemmene skapte desse to ein konsert som stod godt til snøkledde vårfjell på Haukeliseter.
Svenskane Hazelius/Hedin kom frå ein miniturne i førekant av festivalen og leverte som alltid ein konsert med nærheit og hjarte. Einskilde hadde kome heilt frå Oslo berre for denne konserten. Gruppa Vamm var årets bidrag frå Shetland og Skottland. Her fekk me høyre ukonvensjonelt og sprettent samspel med Catriona Macdonald og Patsy Reid på feler og Marit Fält på mandola, sistnemnde ein av dei ytterst få jenter som trakterer dette strengeinstrumentet.
Pangavslutning blei det med bluegrasgruppa Earlybird Stringband som fekk folk til å danse, le og lytte, og slik sett bygde opp til den komande dansen. Det var Haukeliseter Spelemannslag med ei blanding av artistar og frivillige som spela opp til dans laurdag kveld. Ca 30 stykke deltok frå minst seks forskjellige nasjonar. Årets lag var eineståande og mange gav seg ende over for dette eventyrlege samspelet der repertoaret som vanleg spente over eit vidt spekter, både musikalsk og geografisk.
Arrangørane ynskjer alle velkomen att til neste år!