Gamlebanken Spelemannslag vann lagspeltevlinga i 2011. Ifylgje kjelder hadde laget intense øvingar i nattetimane i går kveld.
- Vi satsar på originalitet denne gongen. Vi gler oss veldig, fortalde musikalsk leiar Synnøve Bjørset rett før laget entra scenen i Vågåhallen. Laget framførte slåttane ”Slåttedrusaren”, ein reinlendar og ein vals - til stor åtgaum frå dei frammøtte. 

Interesse for dans
Danseklassen er fast på programmet frå og med i år, etter nokre prøveår. Påmeldinga har vore enorm.
- Vi hadde aldri trudd at denne klassen skulle bli så populær. Dette er svært inspirerande for FolkOrg i arbeidet med gammaldansen framover, seier Rannveig Djønne i FolkOrg til Folkemusikk.no.
- Mange seier at gammaldansen står svakt. Stemmer det?
- Mykje av den organiserte dansen står svakare, leikarring og einskilde kurs. Mitt inntrykk er likevel at gammaldansen har gode dagar, iallfall syner påmeldinga til Landsfestivalen det, fortel Djønne på ein skurrande telefon frå stemnekontoret.

Fleire av dei beste dansarane stiller til start i dag, mellom andre Rolf og Anne-Grete Bjørgan, Stig og Kari Nilssen og Eva og Håkon Sandum.

Gamel-Ringnes'n
Etter kvalifiseringane står fleire trivelege postar på programmet. Fredag ettermiddag kan du bli betre kjent med spelekvinna Kari Grøsland frå Vågå – og far hennar, Ola. Dei fortel og spelar slåttar etter den legendariske spelemannen Ole J. Ringneset, og felemakaren Ola Eide. Konserten er i Jutulheimen i Vågå kl. 16, i samarbeid med Gudbrandsdalsmusea.

Kari Grøsland held konsert i Jutulheimen i kveld, fredag 3. august.

Ole J. Ringneset, som levde frå 1811 til 1902, var kjent spelemann i området. Kari har skrive oppgåve om spelemannen.
- Eg skreiv ei større oppgåve om Gamel-Ringnes’n då eg var student på folkekulturstudiet i Rauland i 2002. Gamel-Ringnes’n er den spelemannen vi veit mest om, og som har vore forbilde for mange spelemenn i heile Gudbrandsdalen, seier Kari. Under konserten vil Kari også traktere slåttar på fela til Ringnesen.

I tillegg til konsert, har Gudbrandsdalsmusea eigen utstilling om felemakaren Ola Eide. 

Meir frå Landsfestivalen her!

Programmet fredag 3. august ser slik ut:
Kl. 10.00 Kvalifisering lagspel
Kl. 15.00 Kvalifisering dans, junior og senior
Kl. 16.00 Konsert i Jutulheimen, Kari og Ola Grøsland
Kl. 18.00 Kunngjering finalistar lagspel
Kl. 19.00 Konsert Gullrekka
Kl. 22.00 Kunngjering finalistar dans
Kl. 22.00 Finale lagspel
Kl. 00.30 Dans