Både arrangementa finner sted på Eiker Vidergående skole I Hokksund.

Dei over 20 ungdomane i Danseru’ skal  på samlinga arbeide med ei scenisk framsyning. Prosjektet er inne i sitt andre år, og etter mange timar med øving og innstuderinga av tradisjonsdansar frå Buskerud, fokuserer dei no på den første sceniske framsyninga si.

Denne får premiere under Folkemusikkveka på Ål 22. mai. Under samlinga i helga vil ungdomar prøve nye koreografiar på golvet under kyndig rettleiing frå prosjektleiarane Gro Marie Svidal og Martin Myhr.

- Å arbeide med folkedans på scena er både spanande og utfordrande. I dette prosjektet freistar vi å nytte resursane i ungdomsgruppa gjennom å utfordre dei til å nytte uttrykket sitt i ein profesjonell scenisk samanheng. Råma er tradisjonsdansane, og tema i framsyninga er høgst dagsaktuelt, fortel Gro Marie Svidal.

– Vi kjem til å nytte mykje tid på denne produksjonen i helga, men skal likevel vere med på Buskerudkappleiken.

Deltakarane i Danseru’ stiller både i lagdans, pardans og solo. Kappleiken er ein viktig arena der den tradisjonelle dansen og musikken får kome fram, og for Danseru’ betyr det også viktig scenetrening. Gleda ved å delta motiverer til fleire timar med øving.

Buskerudkappleiken startar med sjokoladekappleik laurdag 9.april kl 12:00. Frå kl 13:00 vert det tradisjonell kappleik med tevling i alle klassar. 

Heimesida til Bygda Dansar, som for tida har prosjekt i Buskerud og Nord-Trøndelag, finn du her.

Bygda dansar er utvikla og bygd opp hos Stiftinga Rådet for folkemusikk og folkedans, og blir nå drive av stiftinga sitt senter Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Rff-sentret.