- Ideen til Draumsyn-utgjevinga fekk eg frå namna på nokre klangar i hardingfelemusikken, som ”ljøsblått”, ”grønt”, ”halvgråing”, ”grålysing”, fortel Hytta.

- Desse fargenamna kjem antakeleg frå skiftande fargenyansar i naturen gjennom døgnet, og set slik ord på assosiasjonar mellom naturbilde, fargenyansar og musikk. Gjennom døgnet vert lyset og fargane endra litt etter litt – med stadige, små variasjonar vert fargespela gjentake i det uendelege. Rørslene er variasjonar over stillstand, bilde som med langsame endringar stadig vert repetert. Dette har vore viktig inspirasjon då eg laga musikken på albumet, fortel Hytta.

Den nye utgjevinga inneheld eigne komposisjonar for hardingfele, fidle og viola d’amore. Hardingfelespel på plata er både tradisjonelt og nyskapande. Mykje av musikken vart opphavleg laga til ei konsertframsyning på Riksscenen i 2011 med same namn.

For nokre år tilbake kontakta Jonas Niederstadt i det tyske selskapet Carpe Diem Records Hytta med spørsmål om å spele inn musikk for selskapet, og i fjor vår vart musikken spelt inn i Mariakirken på Gran, eit enkelt og fredeleg rom fritt for overflødige detaljar.

- Eg tenkjer på Draumsyn som musikk frå ein einsam musikar som lyttar innover i seg sjølv, men samtidig opplevde eg at eg hadde ei slags samtale då eg spelte inn desse stykka – med felene, med rommet. No håpar eg sjølvsagt at musikken også talar til dei som vel å lytte til han, seier Hytta.

Albumet vert sleppt torsdag 23. januar, og det vert feira med ein liten Norges-turné.

Torsdag 23. Januar – Caféteatret, Oslo ( Sleppkonsert)
Laurdag 25. Januar – Ibsenhuset, Skien
Sundag 26. Januar – Ringve, Trondheim
Torsdag 30. januar - Lillehammer kunstmuseum, Lillehammer
Torsdag 6. februar – NRK Telemarkscenen
Laurdag 08. februar - Galleri Format, Bergen
Laurdag 22. februar - TBA
Laurdag 01. mars – Telemarksgalleriet, Notodden

 

SJÅ OG HØYR