Solbjørg Tveiten
Solbjørg Tveiten

Fem om klede

1. Kva har du på deg i dag?
2. Kva tenkte du på då du tok på deg dagens klesdrakt?
3. Er du opptatt av kva du går med i ulike samanhengar?
4. Kva tykkjer du om festival-t-skjortene?

Ragnhild i grønn kjole frå London_440x246
Ragnhild Holø

Bryllaupskjole og pumps

1. I dag har eg på meg ein grøn kjole som eg har kjøpt i London. Eg kjøpte han eigentleg til eit bryllaup eg skulle i, men tykte aldri at han var fin nok til det. Elles har eg på meg mutter’n sine pumps frå 70-talet. Dei er gode å danse i, og det er viktig for meg.

2. Eg har spelt finale for fyrste gong i dag, så eg måtte pynte meg litt ekstra i kveld. Eg hadde spart denne kjolen til ein av kveldane her på Landsfestivalen. Eg tykkjer det er hyggeleg å pynte seg litt når me er på festival. Likar å ta på meg ein kjole på kvelden, men det må vera godt å danse i og ikkje for varmt.  

3. Ja det er eg! Eg er nok over gjennomsnittet opptatt av klede. Eg har jobba i klesbutikk. Men det må vera litt praktisk også, og som sagt greitt og danse i.

4. Eg har i grunnen ikkje tenkt så mykje på det. Men det er ofte litt grelle farger. Samstundes er det jo viktig at funksjonærane syner att, slik at folk finn dei lett. Det kunne likevel vore eit litt sprekare design. Kanskje ein kunne inngått ein avtale med ein norsk designar. Mange designarar er flinke til å bruke tradisjonelle mønster med ein framtidsretta vri.

Lene i rød støvler_440x660
Lene Furuli

Med støvlar og kort skjørt

1. Eg har på meg eit skjørt som eg kjøpte i Cartagena i Colombia. Eg kjøpte fleire fordi dei var så fine. Elles har eg topp som eg kjøpte i Førde på festivalen og nyfarga hår. 

2. Eg leita eigentleg etter ein annan topp i dag tidleg, men eg fann han ikkje. Det vart med denne eg går med, men det er ingen som har kommentert at han ikkje passar saman med skjørtet. Sidan det er utrygt for regn i dag, ville eg vanlegvis ha valt bukse. Men i dag oppdaga eg at skjørt er ganske praktisk. Det sprutar gjerne leire og skit oppetter leggane, og då kan eg berre spyle dei innimellom.

3. Eg likar ikkje så godt store skjørt, men tenkjer at det eg har på meg passar ganske bra inn i miljøet. Dersom ein har på seg noko ein likar sjølv trur eg ikkje andre tenkjer så mykje på kva ein har på seg. Eg tykkjer dansesko er ganske jålete, så i dag skal eg ha på meg raude støvlar på dans.

4. Det er jo praktisk at alle frivillige har same farge på t-skjortene.

Arne i funksjonærantrekk_440x316
Arne Sølvberg

Mooods!

1. Eg har på meg sokkar frå Moods, ein gamal brok som eg har arva av ein av sønene mine, funksjonær t-skjorte og ryggsekk. 

2. Eg måtte faktisk byte t-skjorte då den andre var utsveitta. Den heiv eg i vasken og tok på meg ein flunkande ny. I dag skal eg ikkje noko særskilt, så tenkte at det ikkje var så viktig kva eg hadde på meg.

3. Ja det er eg! Eg er ofte litt reservert i høve til å stille opp i bunad i alle samanhengar. I går, på Nordfjordkvelden hadde eg på meg bunad, fordi eg tenkte det var naturleg i høve til temaet for kvelden. Eg har tre Moodsdressar og går gjerne i dei når eg skal opptre. Elles brukar eg kjeledress i fjøset. Eg likar ikkje at folk kler seg i slurvete klede i høgtidlege samanhengar som t.d. gravferd.

4. Dei tykkjer eg er mislykka. Dei er for det fyrste for varme til sommarbruk og reklameskrifta er uleseleg. Eg trur ofte det vert litt hastverk når ein skal produsera slike t-skjorter. Nokre få gongar har dei vore bra, t.d. på Oppdal, då dei hadde fått Kari Rolfsen til å designe t-skjortene. Det beste eg kan seie om årets t-skjorte er at ho var rimeleg å produsera. Eg tenkjer eg skal bruka restlageret i fjøset, men dei er vel litt for sterke og uslitelege.

Stein Magne i knebukse og moods T-skjorte_440x660
Stein Magne Eggen

Frå dress til knebukse

1. Eg har på meg knebukse og t-skjorte frå Moods.

2. Det varierar ein del kva eg går med. Dersom eg sit i matteltet har eg gjerne på meg andre klede enn eg har på scena. Så i dag vekslar eg mellom dressbukse og knebukse. Då eg sto opp i dag tenkte eg på at eg skulle på scena, så det var rimeleg enkelt. Det vart dressbukse, men under heile klassa sat eg berre å tenkte på kor godt det skulle verta og få ho av. Det var frykteleg varmt.

3. Det er litt både og. Det er klart at eg kler meg ikkje som ein slamp dersom eg skal i eit fint lag. På mange måtar har eg eit fritt syn på kva folk kler seg i på scena. Men i dag var eg med i lagspel og då var me einige om å ha litt fine klede – så då var eg med på det.

Åsa i funksjonærantrekk_440x787
Åsa Svarstad

Funksjonærskjorta kan brukast til mangt

1. Eg har på meg eit vadmålskjørt, perlearmband, smykke og ein liten topp utan armar (funksjonær t-skjorte til forkle).

2. Eg har slutta å leite etter klede i garderobeskapet. Eg brukar danseskjørta mine på festival.

3. Eg likar klede som er gode å gå med. Elles er eg opptatt av stoffkvaliteten og at kleda eg går med ikkje vert umoderne etter fem år.

4. Eg er ingen t-skjorte brukar, eg likar ikkje armar når eg skal danse. T-skjorter vert skuffefyll for min del.