Det er ein oppgang på 6,7 millionar frå året før, og det meste kjem av auka øyremerka tilskot til Rff, Riksscenen, organisasjonane og Førdefestivalen. Skjult i den totale oppgangen er likevel ein liten nedgang i tilskot frå frie midlar, dvs i midlar alle musikksjangrar kan søkje.


Stor auke frå 2002 til 2009
Sett i eit lengre perspektiv er auken stor. Den totale stønaden i 2002 var på 18 millionar.  I løpet av desse åra har t.d. festivalane fått ein auke frå rundt 2,8 millionar i 2007 til dagens 7,5 millionar (inkl. Førdefestivalen) Organisasjons- og institusjonssstøtta innanfor folkemusikkfeltet har også auka kraftig, frå vel 10 millionar til rundt 23 millionar. Også tilskota frå dei frie midlane som alle kan søkje på, har fått ei auking i perioden frå vel 8 til vel 16 millionar.

Nedgang i frie midlar i 2009
Etter mange år med sterk oppgang var det likevel ein liten nedgang i tildelte midlar frå frie ordningar som Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde og Musikkutstyrsordninga i år. Denne nedgangen utgjer rundt 500 000, der det meste skuldast at opplæringsmidlane frå den gamle Musikkverkstadordninga vart kraftig redusert i 2009. Opplæringsmidlane ser elles ut til å koma tilbake i 2010 som ei ny ordning under Norsk musikkråd.

Norsk kulturråd
Norsk kulturråd er den viktigaste tilskotsytaren til folkemusikk og dans. Til saman 10,3 millionar gjekk til norsk folkemusikk og dans i 2009, mot 9,1 millionar i 2008. Dei største pottane til folkemusikk og -dans er festivalane (3,5 mill), arrangørstøtta (1,5 mill), ensemblestøtta (1,3 mill) og innkjøpsordninga (1,3 mill)


Fond for utøvende (FFUK)
Tilskota frå FFUK gjekk ned med vel 100 000 til 2,2 millionar i år. Her må det leggast til at tilskotet var høgare i 2008 enn tidlegare år. Dei største pottane frå FFUK er musikk (konsertar m.v.) 0,76 millionar og fonogram 0,84 mill.

Fond for lyd og bilde
Også tilskota frå FFLB gjekk noko ned i 2009, frå 1,1 millionar til rundt 900 000. Tilskota går til fonogram 0,72 mill og musikk (konsertar m.v.) 0,17 mill.
 
 

Organisasjons- og institusjonsstøtta

Tilskota til dei store organisasjonane og institusjonane på feltet auka frå 20 til 26 millionar i 2009. Folkemusikkorganisasjonane auka med rundt ein million, Rff med to millionar, Riksscenen med to millionar og Førdefestivalen med rundt 800 000, dessutan fekk fire regionale kompetansesentra for første gong tilskot i 2009.

Stor auke også neste år?
Mange av budsjettala for 2010 er alt klare, og mykje tyder på ein stor auke også i 2010. Riksscenen er t.d. inne med ein auke på 14 millionar, Rff får meir, og minst to nystarta kompetansesenter for folkemusikk vil også koma inn på lista.


 


TABELL:

Viktigaste tilskotsordningar norsk folkemusikk- og dans 2002-2009


Sjangeruavhengige tilskotsordningar

 

Ordning

2009

2008

2007

2006

2005

2004

2003

2002

 

MVO / MUO

 

917 000 1

1 566 000

 

1 675 539

 

 

1 209 000

 

 

1 425 000

 

 

1 778 000

 

 

1 509 000

 

 

1 500 000

 

 

FFUK

 

 

2 218 000

 

 

2 312 500

 

 

1 751 700

 

 

891 000

 

 

700 000

 

600 000

 

600 000

 

 

600 000

 

 

Norsk kulturråd

 

 

10309000

 

 

9 164 000

 

 

7 074 900

 

 

7 196 400

 

5050000 2

6 075 000

 

5 183 000

 

 

4 716 000

 

 

Statens kunstnerstipend

 

 

1084000

 

 

1 080 500

 

 

967 000

 

 

1 239 000

 

 

1 231 700

 

 

773 700

 

 

1 091 000

 

 

786 200

 

 

FFLB

 

 

903 000

 

 

1 152 000

 

 

857 000

 

 

780 000

 

 

441 400

 

 

381 969

 

 

657 200

 

 

725 000

 

 

STIKK (UD)

 

 

250 200

 

 

276 000

 

 

209 000

 

 

183 000

 

 

131 000

 

 

139 000

 

 

95 000

 

 

65 000

 

 

Frifond

 

 

474 567

 

 

447 911

 

 

412 000

 

 

403 000

 

 

476 000

 

 

413 000

 

 

382 059

 

347 000



Tilskot til organisasjonsar og institusjonar

 

Namn

2009

2008

2007

2006

2005

2004

2003

2002

LfS

2 290 000

2 030 000

1 927 000

1 860 000

1 794 000

1 770 000

1 614 000

1 590 000

NFD3

2 600 000

1 793 000

1 719 000

1 656 000

1 616 000

1 595 000

1 556 000

1 500 000

RFF

9 296 000

7 146 000

6 228 000

6 000 000

5 490 000

5 378 000

4 381 000

4 217 000

Folkemusikkscena4

0

750 000

750 000

750 000

750 000

770 000

370 000

370 000

Norsk munnharpeforum

40 000

 

 

 

 

 

 

 

Norsk kvedarforum

40 000

40 000

40 000

 

 

 

 

 

Førdefestivalen5

4 028 000

3 228 000

2 616 000

2 039 000

1 800 000

 

 

 

Ole Bull-akademiet

3 100 000

2 849 000

2 732 000

2 632 000

2 658 000

2 535 000

2 475 000

2 403 000

Riksscenen

4 557 000

2 500 000

1 500 000

1 500 000

 

 

 

 



Tala er basert på tildelingar til norsk folkemusikk og -dans.

 

1Omorganisert i 2009 til Musikkutstyrsordninga (MUO)

2Førdefestivalen overført statsbudsjettet frå 2005

3Inkludert tilskot til omorganiseringsprosessen LfS/ NFD

4Overført arrangørordninga Norsk kulturråd 2009

5Overført frå festivalstøtteordninga i 2005