- Den nye dansetevlinga blir ulideleg spennande! Det er fyrste gong vi tevlar i gammaldans på Landsfestivalen, så det er uvisst korleis dette vil gå. Vi har ingen rutine å flyte på. Men eg trur det vil gå bra.
- Ganske artig med eigen tevling i dans!?
- Eg var på eit Gudbrandsdalsstemne for nokre år sidan der det vart tevla i gammaldans. Det var Randi Rust frå Skjåk som tok initiativ til dette. Eg tenkte, kvifor kan vi ikkje gjera dette på Landsfestivalen òg? Sidan tok eg med meg ideen heim til Oppdal og hovudkomiteen for årets festival. Ein stor takk til Randi frå Skjåk.
- Er det mange påmelde?
- Jepp – nærare 40 par – både stjernedansarar og outsiderar. Dette er ingen scenisk dansetevling som på Landskappleiken. Nokre stjernepar finn vi blant deltakarane, men dei fleste er rekruttert frå festen og dansegolvet. Dansarane skal gjennom ein kvalifisering før finalen seinare i kveld.
- Men fyrst er det lagspell. Noko å melde?
- Det er det! Det er 20 startnummer i denne klassen og i snitt 20 personar på kvart lag, så det blir garantert folksamt, seier Sandum.
- Korleis har festivalen gått til no?
- Attendemeldingane har stort sett vore positive. Folk trivest og har det dei treng. Oppdal er ein erfaren kappleiksarena, men det vil alltid dukke opp utfordringar som vi ikkje har tenkt på eller som vi har gløymt. Eitt og anna spørsmålet får vi jo, som til dømes kvar toalettet er.
- Dei fyrste tevlingane var i går, onsdag. Korleis har det gått?
- I underkant av 50 deltakarar vart slusa gjennom tevlingssystemet i går. Det var mykje organisering, og ein tøff start. Men eg tykte det gjekk bra. Eg fekk føle det på kroppen som deltakar sjølv.
- Andre høgdepunkt frå gårdagen?
- Etter finalespellinga i går var det ein koseleg mimrekveld i telte med dei gode, gamle gamaldansgruppene Hørkelgaddan, Ola Sandums gammeldansorkester, Slåttakaran, Laget hass Knut og Trøskarlaget. Det var fullt hus og akkurat slikt eg hadde tenkt meg det.
Dette er Øyvind Sandum
- Aktuell: Årets festivalgeneral for Landsfestivalen 2011.
- Alder: 28 år.
- Merittliste: 33 medaljar frå Landsfestival, 17 sigrar (mest solo), noko i gruppe og lagspel.
- Bustad: Oppdal.
Meir frå Landsfestivalen på Folkemusikk.no kjem i løpet av dagen. Sjå elles www.landsfestivalen.no.